Januardag åleine på Slettefjell

Vidt og variert: Stadvis kan Slettefjellet by på meir kupert terreng enn det ser ut til på avstand. Her på høgdedraget midtveges mellom skiheistoppen i Raudalen og kraftlina/Slettefjellvegen. Bak til høgre Svarthamartinden og Skaget.

Vidt og variert: Stadvis kan Slettefjellet by på meir kupert terreng enn det ser ut til på avstand. Her på høgdedraget midtveges mellom skiheistoppen i Raudalen og kraftlina/Slettefjellvegen. Bak til høgre Svarthamartinden og Skaget.

Artikkelen er over 4 år gammel

21 kuldegrader på parkeringa ved alpinanlegget i Raudalen. Eg trøystar meg med at det sikkert er betre i høgda.

DEL

Nesten alle skiturane i vinter har gått i løyper, no freista det med fjellski og vidder. Slettefjell var eit naturleg val.

Til fjelles

Eg voks opp med utsyn mot Slettefjell, og i 35 år no har eg hatt ein annan variant av utsynet frå verandaen heime i Moane, til alle årstider, i alle slag lys.

Det er 22. januar og fri. Frå stoveglasa ser eg morgolyset breie seg meir og meir over Slettefjell og Mugnetinden, det er mørkeblått, fiolett og rosa.

Sekken blir pakka, snart er eg på veg oppover. Det er ÷27 grader på Heggenes, men «berre» ÷18 på Beitostølen.

Tidleg tilskying

Raudalsheisen ligg i skuggen, så det er litt kaldt på veg opp. Men på toppen skin sola, og det er vindstille.

Herifrå er det til vanleg herleg utsyn både mot Bitihødn, Mugnetind og 2000-metertoppane mellom Bygdin og Gjende. Men tilskyinga frå vest starta langt tidlegare enn varsla, eit lågt skydekke skjuler toppane.

Mot Belgjenøse

Her på Slettefjell har det gjennom åra vore mange flotte høgfjellsskiturar, også nokre i løyper. Dei fleste likevel i eigne spor, mot Mugnetinden (1740 meter). Dessutan ein herleg helgetur inn til DNT-hytta Tomashelleren.

Eit par gonger, gjerne tidleg på etterjulsvinteren, har eg nøydd meg med å gå litt kortare, til toppen av Belgjenøse, langt vest på Slettefjell. Frå Skammestein og Beitostølen ser toppen ut som ein låg, kvit, pyramide. Dette er målet for turen også i dag.

Langt frå livlaust

Vestover frå heisen går eg over ein liten, delvis bjørkekledd haug. Her er spor etter både rev og hare – og brått flyg det ei rype like framfor meg. Rett etterpå ein flokk på seks ryper, nydeleg kvite mot blå himmel.

Før den lange stigninga legg eg på kortfellene. Dei gjev godt feste, det sparar armane. Over eit par ryggar er det ganske avblåse. Litt vegetasjon stikk opp, her er beitespor etter rype.

Snøgge endringar

Det har letna rundt Mugnetinden, toppen er nesten klar. I det eg passerer over eit lite høgdedrag får eg også sjå heile Belgjenøse i sol. Siktar litt til venstre for toppen, det vil gje jamnast stigning opp mot sjølve platået. Men fyrst er det eit lett og ganske flatt parti.

På få minutt blir det grått, tunge skyer sig snøgt inn frå vest. Toppane forsvinn, konturane framfor skia blir nesten borte, såkalla flatt lys.

Det er uansett på tide med litt mat, og eg siktar meg inn mot det velkjende knekkpunktet på kraftlina som går om lag parallellt med Slettefjellvegen.

Brødskiver og solbærtoddy smakar godt, men eg har alt bestemt meg for å snu austover. Nedoverkjøring på ski i flatt lys freistar ikkje, det har eg erfaring for, både her og andre stader.

Kontrollert fall

Over Tjernhaug er det avblåse, vidare austover slepper eg meg varsamt litt nedover. Underlaget er noko skavlete, nokre stader slår skia litt gjennom. Berre eit par meter framfor meg anar eg konturar i snøen. Eg ek difor så forsiktig at eg meiner å ha god kontroll.

Ein gong buttar skituppane såpass at det blir bråstopp. Ei påminning om at det er snøgt gjort å vrikke eit kne eller ankel. Ville vore upraktisk, for eg har ikkje sett eit menneske, og mobilen skal ein aldri heilt stole på.

I nord og aust er det ei smal stripe med blå himmel mellom synsranda og skydekket. Skaget og Mellane er tydelege, og Rondetoppane langt borte.

Løypa om Ulvildsete

Målet er å kome seg ned på den preparerte turløypa som går mellom skiheistoppen og Ulvildsete lengst aust på Slettefjell. Det går fint, ikkje minst fordi det etter kvart lysnar såpass at det er lett å sjå framfor seg.

Løypa er nypreparert, det går lett og snøgt attende til Gyriklanten med skiheisane.

Siste etappe er ned alpinbakken, og det merkest at det er 20 år sidan vi kjørte her då ungane var små. Men gode stålkantar, og nokre korte stopp undevegs, gjer at eg svingar meg ned på uventa bra og kontrollert måte.

Raudalen - Beitostølen

Utpå vinteren kan du gå ei skuterkjørt høgfjellsløype frå skiheistoppen attende til Beitostølen. Løypa går bort til Fleinsendin, så opp att til Blå 4 som så kan fylgjast greitt til Beitostølen eller Garli att. Ein kjempeflott tur.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken