Gestapos mest ettersøkte nordmenn

Operasjon Almenrausch var en tysk aksjon mot norsk motstandsbevegelse under andre verdenskrig.

Operasjon Almenrausch var en tysk aksjon mot norsk motstandsbevegelse under andre verdenskrig.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Valdresmusea skal ha lukket boklansering for Ingeborg Solbrekkens siste bok, Gestapos mest ettersøkte nordmenn (Opera Forlag), torsdag 13. september på Valdres Folkemuseum på Fagernes.

DEL

Fagernes: Solbrekken har fått mykje merksemd med bøkene sine. Denne gongen er det den ukjende motstandsrørsla under andre verdskrigen Solbrekken skriv om.

Utstilling

I samband med boklanseringa opnar Valdresmusea ei utstilling om emnet. Uniforma til Margit Meisdalshagen er blant dei utstilte gjenstandane. Utstillinga blir opna av Terje Halvorsen som er historikar og professor emeritus. Utstillinga skal seinare til Norsk Hjemmefrontmuseum i Oslo.

Ukjend for dei fleste

Nazi-Tyskland sin hovudfiende i Noreg i krigsåra 1940–1945 var ei motstandsrørsle ukjent for dei aller fleste og nærmast utelate i norsk krigshistorie. Tusenvis av nordmenn under leiing av norske kommunistar deltok i det som var krigens største illegale avis-, flyktnings- og sabotasjeapparat. Boka fortel om arbeidet motstandsfolka utretta og om Gestapo sin intensive jakt etter dei. Tapa var store, men leiinga vart aldri tatt. Boka gir eit unikt innblikk i ein dramatisk del av norsk krigshistorie og er basert på upubliserte krigsdokument, mellom anna frå arkiva ved det kongelege slottet.

Om Ingeborg Solbrekken

Forskar og sakprosaforfattar Ingeborg Solbrekken (f. 1961) har ei usedvanleg evne til å trenge inn i dei mest gøymde og gløymde arkiva. Her finn ho nye personar, nye stemmer og nye hendingar. Arbeidet hennar har fleire gonger vist at vi må endre på deler av norsk historieskriving. Det same må vi denne gongen med boka Gestapos mest ettersøkte nordmenn.

Artikkeltags