Med sykkel og fjellsko langs Vinstervatnet

Jotunheimvegen: Langs Vinstervatnet kan du framleis oppleve aktivt stølsmiljø med kyr og geiter. I tillegg er det variert og flott natur med mange mulegheiter til turar og opplevingar. foto: beitostølen resort

Jotunheimvegen: Langs Vinstervatnet kan du framleis oppleve aktivt stølsmiljø med kyr og geiter. I tillegg er det variert og flott natur med mange mulegheiter til turar og opplevingar. foto: beitostølen resort

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

«Jotunheimvegen» går gjennom triveleg stølsmiljø med variert og flott natur. Og området har mykje meir å by på enn sjølve sykkelturen.

DEL

Sommarvegen langs Vinstervatnet går frå Bygdin og heilt over til Skåbu i Gudbrandsdalen. Den tek av frå Valdresflyvegen (fylkesveg 51) ein kilometer oppi bakkane nord for Bygdin Fjellhotell. Vi brukar å sette frå oss bilen på stor parkeringsplass rett før bommen, og så tek vi syklane fatt.

Haugseter Fjellstue

Fyrste «etappe» er dei 12 kilometerane inn til tradisjonsrike Haugseter Fjellstue. Her byr dei på mat, overnatting og aktivitetar, blant anna fiske. Ofte har vi stoppa her, helst på heimveg, for å kjøpe middag. Vinsterørret er då eit naturleg fyrsteval, om fiskelukka har vore god.

Med ei overnatting eller meir blir det muleg med fleire opplevingar i nærområdet. Vi kan nemne at det under arkeologiske utgravingar i fjor sommar, ved Mørstadstølen, vart avdekka ei 1500 år gamal jegergrav i kanten av vatnet, med pil-spissar, knivar, saks og skinnskraper av jern.

Gjennom stølsmiljø

Før vi kjem til Haugseter har vi sykla gjennom fleire stølsgrender som ligg idyllisk til langs Vinstervatnet. Det er framleis drift på ein del av stølane, difor møter vi ofte på kyr og geiter. Dette er ei ekstra oppleving, ikkje minst dersom ungar er med på sykkelturen. Og heldigvis tek dei fleste bilistane bra omsyn til små og store syklistar.

Urekkollen og Store Nuten

Nokre hundre meter før Haugseter kjem Urekåne ned frå nord. På austsida av elva er det god stig som etter ei kort stigning går innover triveleg viddelandskap mot Langeråkvatnet og Urektjednet.

Eit nært og spanande turmål for små føter er den markerte Urekkollen like ved vegen, ikkje minst om du går rett opp bratta frå sør.

For den som har høgare mål er Gluptindane og Store Nuten gode val med fine utsyn, også mot tindane innover i Jotunheimen.

Fangstanlegg for rein

Ein kilometer aust for Haugseter kjem Fossåne (eller Liåne) ned. Aust for elva er det etter kvart god stig oppover, men nokså bratt eit parti.

Det flatar etter kvart ut innover mot Litjednet, og nordaust for dette er det eit fangstanlegg for rein. Fleire mura fangstgraver ned i bakken ligg i ei lang rekkje. Ikkje heilt lette å finne, men spanande å leite!

Vil du vidare heilt til topps på Gråhøe (1779 m) blir det mykje stein! Men premien er utsynet, i klarvêr ser du heilt til Gaustatoppen i Telemark.

Keisaren og Sandvatnet

Men vi må ikkje gløyme at vi er på sykkeltur! Frå Haugseter går det lett austover langs vatnet. Ein liten sideveg til høgre går bort til demningen ved Bjødnhølen, som vart kraftig opprusta for ein del år sidan. Herifrå er det ein lett fottur til den markerte toppen Keisaren (1210 m).

Triveleg er det også å sykle den korte sidevegen ned mot det store Sandvatnet, som saman med Vinstervatnet er kjent som eit særs godt fiskevatn.

Overnatting på Oskampen?

Syklar vi i staden vidare på Jotunheimvegen stig vegen etter kvart opp gjennom tett bjørkeskog til det opne, flate partiet mellom Austhøe og Buhøe. Her er det herleg utsyn ned mot Sandvatnet og mot Skaget i sør.

Turen hit er truleg rikeleg lang nok for dei fleste som er på dagstur, i alle fall dersom du også nyttar dagen til ein avstikkar til fots, og skal heim att etterpå.

Vågar du deg lenger innover kan du etter 6 - 7 kilometer vidare sette frå deg sykkelen og gå ca 2 kilometer opp til DNT-hytta Oskampen. Overnatting her kan om ynskjeleg kombinerast med fottur til den markerte toppen Oskampen, rett bak hytta.

«Mjølkevegen»

På nett finn du også informasjon om ein 196 kilometer lang sykkeltur, «Mjølkevegen», som byr på vakker natur rundt kvar sving. Den går frå Vinstra i Gudbrandsdalen via Jotunheimvegen til Bygdin i Valdres, og vidare over flotte stølsvidder til Gol i Hallingdal.

Mjølkevegen er skilta med eigne treskilt med ei ku som symbol. Det er også laga eige sykkelkart.

Uansett tur er eit kart nyttig og praktisk å ha med!

 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken