Roleg sesongstart

Ved Bergset: Artig å studere liggjeplassen etter elgane som vi skremde opp eit par minutt tidlegare.

Ved Bergset: Artig å studere liggjeplassen etter elgane som vi skremde opp eit par minutt tidlegare. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det går framleis an å finne skiglede på treski, i eigne skispor og utan pulsklokke.

DEL

YDDIN: Fyrste laurdagskvelden i november kom vi med buss frå eit grått Oslo prega av sludd og hålkeføre. Heime vart vi møtt av 25 centimeter med herleg nysnø.

«Åsnes veteran»

Det var lite diskusjon om kva søndagen skulle brukast til, sjølv om vi var veldig klare over at preppe-statusen på skia var heller dårleg.

Åtte kuldegrader gjorde at valet fall på dei gamle, gode treskia, «Åsnes veteran», som var nesten trekvite på undersida! Dei fungerte likevel heilt fint, både oppover og nedover og på flata med.

I urørd snø mot Bergset

Turstart er som så mange gonger før, frå Selstølhøgda innafor Yddin. Sola skin alt på Skaget, det klarnar etter kvart meir og meir opp, og blå himmel er herleg kontrast til drivkvit snø.

Stølsvegen mot Vesleskag er heldigvis ikkje brøyta, det er berre å spenne på seg skia og fylgje eit enkelt spor innover.

Like etter brua over Kjølaåne svingar vi austover, på vegen mot Framstadstølen og Bergset. Her ligg snøen urørd, vi må brøyte sjølve, i ei roleg og god rytme.

Spor i snø: Barnleg glede å sette sine eigne spor.

Spor i snø: Barnleg glede å sette sine eigne spor. Foto:

Uventa møte

Bergset, stølane innerst langs vegen, har vore mål for mange slike tidlegskiturar. Det tek om lag to timar fram og attende, passe langt i sesongstarten!

Litt før vi kjem opp til stølane ser vi spor som går nesten parallelt med våre, på høgre sida. Ein kort avstikkar stadfestar at det er ferske elgspor, og brått får vi auge på dyra snaue 100 meter framfor oss. Det er ei kolle med to kalvar, som går og beitar på vegetasjonen rett på nedsida av stølsjorda.

 Uventa innslag: Møtet med ei elgkolle og to kalvar var eit triveleg innslag på fyrste skituren i vinter.

Uventa innslag: Møtet med ei elgkolle og to kalvar var eit triveleg innslag på fyrste skituren i vinter. Foto:

Soria Moria

Elgane spring litt framover vegen, så skjær dei nedover. Litt seinare ser vi dei langt nede på flata, i godt driv, men vi takkar for møtet.

Framme i vegen stoppar vi og ser på ein tydeleg liggjeplass før vi ruslar siste stykket opp til stølane.

Heimturen går lettare, i ferdige spor, men det er såpass skarpt i lufta at det bit i kjakane.

I bakken opp frå brua ser vi hytta på haugen på høgre sida som ein mørk silhuett mot ein gullgul solnedgang, nesten som eit Soria Moria. Og det er vel slik vi kjenner det, at vi har vore i eventyret att, på urørd nysnø, i snaufjellet, utan å møte andre enn tre elgar!

Soria Moria: Solnedgangstid byr ofte på fine, men korte stunder med spesielt lys.

Soria Moria: Solnedgangstid byr ofte på fine, men korte stunder med spesielt lys. Foto:

Artikkeltags