Gå til sidens hovedinnhold

Valdresungdommen jobbar for ei betre verd

OD-dagen er eit stort steg mot ei betre verd, og ungdom frå heile Norge gjer dette mogleg.

Marta Monsen går i 9. klasse og har jobba som journalist i avisa Valdres under OD-dagen 8. november.

VALDRES: 4. og 8. november har ungdom frå heile Valdres vore på jobb. OD-dagen blir arrangert årleg av OD-organisasjonen, der er det berre ungdom som jobbar. OD er av ungdom, med og for ungdom.

Årets inntekt gjekk til likestilling i Sør-Afrika, og årets tema heiter «Du er innanfor». For å få like moglegheiter for alle, må ein gjere ein innsats. Verda blir ikkje endra over natta, og ved å jobbe berre ein dag i året, kan vi gjere så stor forskjell om vi står saman.

«OD er ein fantastisk ide. Det er vinn-vinn for norske ungdommar som får prøvd å jobbe ein dag, medan det også hjelper (i år) sørafrikanske ungdommar å få like moglegheiter og bli sett», seier ungdomar avisa Valdres har snakka med. Alle som skal jobbe får i oppdrag å tene 300 kroner, og kvart år blir det samla inn mellom 20–25 millionar kroner.

Nokon organiserer

Det er ikkje alle som jobbar på OD-dagen. Det må også nokon til for å organisere alt.

– Først var det seminar på Lillehammer der dei gjekk gjennom og fortalde om OD, seier Sigve Larsson ved Valdres vidaregåande skule.

Noko av det dei gjorde for å organisere var å gå på seminar og dele ut info på skulen om OD.

– Det hadde vore bra om ein hadde brukt meir tid på skulen og vore betre førebudd før OD, men at det ikkje var mogleg fordi man ikkje hadde tid til det, seier Katrine Bendiksen Opheim ved Vestre Slidre Skule.

Det kan tyde på at dei bruker mindre tid på OD på grunnskule enn på vidaregåande fordi på Valdres vidaregåande skule har dei hatt både internasjonal veke og var meir førebudd både i for- og etterkant av sjølve dagen.

Bra konsept

Då ungdommane skulle finne jobb valde dei å jobbe der det var enkelt og på ein plass dei kjende til. Det var mange som jobba hos foreldre eller ein plass dei hadde jobba før. Då dei vart intervjua av avisa, og vart spurde om dei likte OD, svarte dei:

– Ja, det er et ganske bra konsept, seier Eline Sundheim

– Ja, svarer Gurid Røn.

– Ja, det er ganske bra, det er ei fin løysning. Fint at det blir jobba for noko positivt, seier Kaisa Nybråten Berg.

– Ja, svarar Jan Monsen.

– Ja, veldig, seier Hilde Hippe Bergheim.

– Ja, eg likar det veldig, svarar Pelle Lübke.

Så det er tydeleg OD er godt likt blant Valdresungdommen.

Kommentarer til denne saken