Gå til sidens hovedinnhold

Valdrisar vil ha vaksine

Dei høge tala for vaksinering i Valdres er svært godt nytt.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Valdrisane har i stor grad takka ja til vaksinering mot koronaviruset. Det syner informasjon henta inn frå alle Valdres-kommunane. Sjølv om tala er noko usikre, er det gledeleg at så mange har takka ja til å la seg vaksinere.

Rundt 12 500 personar har no fått fyrste dose. Det er eit høgt tal når ein tek med at barn og unge under 18 år i liten grad er vaksinerte mot koronaviruset. I tillegg har distriktskommunar fått færre vaksinedosar fordi vaksinering av befolkninga i sentrale strøk har vore prioritert.

Skal vi få bukt med koronaviruset, er det vaksinering som må til. Slik har det vore mot meslingar, mot tuberkulose, mot poliomyelitt, for å nemne nokre svært alvorlege sjukdomar. Vaksinering er ein svært viktig del av det førebyggjande arbeidet mot spreiing av farlege virus, og grunnleggjande i eit folkehelseperspektiv. Som kommuneoverlege Tor Inge Kristianslund i Etnedal seier: Ein har to val, anten få vaksine, eller få korona.

Les også

Over 600 valdrisar har takka nei til koronavaksinen

Ei nedstenging av samfunnet, som vi såg i store delar av 2020 og i vinter, er ikkje mogleg i år etter år. Det får konsekvensar for samfunnet, som sjukehuskøar, arbeidsløyse, dårleg økonomi og også for psykisk helse.

Sjølv om vaksineringsgraden er høg, er det likevel nokre hundre valdrisar som har takka nei til vaksine, eller som ikkje har svara på spørsmål om dei vil ha vaksine. Nokre gjer det fordi dei ikkje kan ta vaksine, eller fordi dei har fått vaksinen i andre kommunar. Å konkludere med at hundrevis av valdrisar er vaksinemotstandarar, blir difor feil.

Samstundes bør den store viljen til å la seg vaksinere vera ei påminning til vaksinemotstandarane. Det er flokkimmuniteten eit samfunn oppnår gjennom høg vaksineringsgrad som er med på å sikre vaksinemotstandarar mot alvorleg sjukdom og mogleg død.

Kommentarer til denne saken