Lokkar med lappar

Lappesteiking: Andrekandidat for Venstre i Øystre Slidre, Alice Gudheim, lokkar med nysteikte lappar når Valdres Venstre sparkar i gang valkampen. Her steikar ho lappar i annan samanheng tidlegare i år.

Lappesteiking: Andrekandidat for Venstre i Øystre Slidre, Alice Gudheim, lokkar med nysteikte lappar når Valdres Venstre sparkar i gang valkampen. Her steikar ho lappar i annan samanheng tidlegare i år. Foto:

Valdres Venstre skal lokke til seg veljarar med lukta av nysteikte lappar.

DEL

ØYSTRE SLIDRE: Fyrstkomande måndag sparkar dei i gong valkampen – og det ute i det fri, på Fjellstølen ved Bitibua. Drivar av Bitibua og andrekandidat for Venstre i Øystre Slidre, Alice Gudheim, skal sjølv stå for lappesteikinga og servere kaffi.

I tillegg til lappar og kaffi, står sjølvsagt politikk på agendaen. Det vert samtale om nasjonalparkar, utmark og forvaltning av fjellområda.

Leiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, stortingsrepresentant Ketil Kjenseth (V), held innlegg om vern og bruk av nasjonalparkane. Ole Morten Fossli skal på vegne av Nettverk for fjellgrenser snakke om forvaltning av fjellområda. Her vil også fyrstekandidat for Venstre i Nord-Aurdal, Knut Aastad Bråten, kome med kommentarar. Til sist vil nasjonalparkforvaltar Ulf Ullring ta for seg utviklinga av ein fellesapp for forvalting av motorferdsel.

Artikkeltags