Vang byggjer Vang med eigen handelskampanje: – Sikre deg eit tilbod i framtida og eit Vangsminne for livet

STÅR SAMLA: Både hyttefolk, bygdefolk, næringsdrivande, kommunen og andre bidreg i den nye handelskampanjen i Vang. F.v.: Ordførar Vidar Eltun,
Leif Øyvind Solemsli i Intersport Filefjell, Anders Hermundstad ved Joker Tyinkrysset, Dag Fredrik Bruflot, ambassadør, Line Svien ved Tyinkrysset fjellstue/Tyinlam, Sandra Bruflot, leiar unge Høgre/ambassadør, hytteeigarane Tonny Nundal og
Odd Tore Moen, næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, og hytteeigar Øystein Vangsnes.

STÅR SAMLA: Både hyttefolk, bygdefolk, næringsdrivande, kommunen og andre bidreg i den nye handelskampanjen i Vang. F.v.: Ordførar Vidar Eltun, Leif Øyvind Solemsli i Intersport Filefjell, Anders Hermundstad ved Joker Tyinkrysset, Dag Fredrik Bruflot, ambassadør, Line Svien ved Tyinkrysset fjellstue/Tyinlam, Sandra Bruflot, leiar unge Høgre/ambassadør, hytteeigarane Tonny Nundal og Odd Tore Moen, næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, og hytteeigar Øystein Vangsnes. Foto:

– Legg at kroner hjå dei næringsdrivande i Vang – sikre deg eit tilbod i framtida, varer av beste kvalitet og eit Vangsminne for livet.

DEL

VANG: Slik lyder bodskapen frå folka bak ein ny kampanje frå og for Vang.

– Dette er tida for å handle! Anten det er snakk om mat, opplevingar, ferie eller varer, har vi eit solid utval i bygda som både vi vangsgjeldingar og fritidsgjester kan nytte i endå større grad, seier ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Difor har kommunen i lag med eit samla næringsliv, engasjerte hytteeigarar, og Innovangsjon SA, drege i gang ei lokal handelskampanje.

Kampanje med premie

– I korte trekk går kampanjen ut på å gjennomføre 15 større handlar hjå lokale bedrifter i løpet av 2020. For dette får du litt ulike ting alt ettersom kvar du har brukt pengane, mens hovudpremien er ein kaffikopp produsert i begrensa opplag.

Eltun understrekar at sjølve koppen er underordna her, og at det å bidra til bedriftene og få betre kjennskap til alle tilboda i Vang er hovudprioritet. Samstundes ser han på koppen som såpass gjev at han sjølv står lang fram i køen for å sikre seg ein.

– Denne skal vera eit eksklusivt minne til alle vangsgjeldingar og hytteeigarar som strakk seg litt ekstra for sambygdingar i ei krisetid. Me bestiller 100 stykk, men kjem vi i den situasjonen at det går ut 100 koppar i løpet av året, så skal vi jammen få designa opp ein versjon to og bestille 100 til, forsikrar Eltun.

Dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn, fortel at det er kommunen, VNK og Valdres Sparebank som stiller med premiar til kampanjen.

– Her er det ja-haldning over alt! Vi er sjølvsagt spente på kor mykje sving det blir på dette, men ut frå engasjementet og innstillinga både hos hytteeigarar, lokalbefolkning og næringsdrivande, har eg trua på at dette skal slå an, seier dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn.

Dette lyt du gjere

– For å lande koppen lyt du gjennomføre 15 kjøp hjå næringsdrivande i Vang. Vi tel ikkje med ordinær daglegvarehandel, men lokalmathandel i daglegvarebutikk er med. Det er også nokre underkategoriar som sikrar meir innhald i koppen, forklarer Rogn.

Mellom anna sikrar fem kjøp av lokalmat eller lokalt design og handverk gjev ein «Valdres-pin», medan like mange kjøp i varehandel, inkludert bygghandel, hytte, frisør, velvære eller sport gjev ein «Vang-pin». På Restaurant, kafe, overnatting og opplevingar, er det ein bonuskopp frå Valdres Sparebank som ventar. Kjøpa registrerast via nettsida til Innovangsjon, med til dømes lenker til sosiale medium, opplasting av produktbilete eller kvitteringar.

– Kampanjen varer ut 2020, og vi oppmodar samstundes alle som deler foto på Instagram om å nytte emneknaggen #vangivaldres.

– Du gjer ein forskjell

Ordførar Vidar Eltun er heilt overtydd om at ei samanslutning av bygdefolk og hyttefolk kan gjera ein forskjell for dei næringsdrivande i tida som kjem.

– Kjøper du sykkel hjå Intersport Filefjell eller kappsag hjå Montér Kvismo er du sikra god service om noko skulle skje, samstundes som du får ein konkurransedyktig pris og bidreg til å koma over likviditetskrisa som brått kom. Her kan alle gjera ein forskjell og kjøpe i bygda det som er å oppdrive i bygda.

Ordføraren har også ein ambisjon om å tømme lagra for lokalmatprodusentar og auke ordreboka for alle som driv innanfor turisme og oppleving.

– Maten er av høgare kvalitet, historia er betre og kjennskapen til både folka og verdikjeda er vel verdt å betale for. Elles er opplevingar det beste du kan gje nokon du er glad i, og noko som inneheld mat, overnatting eller guiding i fjella i Vang lyt vera eit godt prov på omtanke!

Fleire initiativ

Handelskampanjen føyer seg inn i ei rekke av initiativ som har dukka opp for å hjelpe næringslivet i Vang under koronakrisa. Det er starta ein småjobbkampanje, drege i gang kronerulling for Joker Tyinkrysset og Intersport Filefjell, og det same for DNT-hytta Fondsbu. Kommunen har òg opna for å bruke beløpa som er sett av til næringsfondet fram til 2023 til tilskot allereie i 2020.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken