Vang folkebibliotek opnar att – med restriksjonar

OPNAR DØRENE: Vang folkebibliotek og bibliotekmedarbeidar Juliana Bonin opnar igjen frå og med måndag 18. mai, men med restriksjonar.

OPNAR DØRENE: Vang folkebibliotek og bibliotekmedarbeidar Juliana Bonin opnar igjen frå og med måndag 18. mai, men med restriksjonar. Foto:

Vang folkebibliotek opnar igjen frå og med måndag 18. mai, men med restriksjonar.

DEL

VANG: Biblioteksmedarbeidar Juliana A. Bonin opplyser at det i fyste omgang berre er ope for utlån og innlevering.

– Det er ikkje mogleg å opphalde seg i bibliotekets lokale utover dette. For å sleppe inn må folk ringe på dørklokka. Berre vaksne får kome inn, og det er avgrensa til fem personar om gongen. Alle må halde seg til generelle smittevernreglar, og ikkje kome om man er sjuk eller i karantene, seier ho.

Opningstida vil vere som vanleg.

– For dei som ikkje ynskjer å kome inn, held vi fram med hentebibliotek utanfor biblioteket mellom kl. 14 – 16 alle dagar unntatt torsdagar, seier Bonin.

Ho råder dei som skal bestille bøker, og dei som eventuelt lurer på noko, til å ta kontakt med biblioteket på Facebook, e-post eller telefon.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken