VANG: – Er du ein tålmodig og trygg vaksen, med ein time til overs no og då? Vi kan love at å bli med på øvingskøyring er givande, morosamt - og ikkje minst gir det litt spenning i kvardagen, seier dagleg leiar på frivilligsentralen, Marte Tangen.
Du må vere over 25 år og ha hatt lappen samanhengande dei siste 5 åra, men du treng ikkje disponere din eigen bil - frivilligsentralen har bil til øvingskøyring som de kan bruke.
– Å ta lappen er ein viktig faktor for å kunne bu og jobbe i Vang. Vi er veldig glad for å ha mogelegheiten til å hjelpe busette flyktningar med denne utfordringa – til saman har 5 personar tatt lappen etter å ha øvingskøyrt med våre frivillige og bilen vår. Timar ved køyreskule kjem sjølvsagt i tillegg, og våre frivillige har fått rettleiing frå køyreskule for å drive med mengdetrening.
Lekseklubb i fare
I eit år har det også vore ein velfungerande lekseklubb på biblioteket/frivilligsentralen i Vang, og det er om lag 10 ungar som kjem kvar tysdag for å gjere lekser.
– Vi manglar no 3 leksehjelparar for å få til ein god turnus, så vi håper det melder seg nye frivillige raskt så vi kan få i gang klubben når skulen om kort tid startar!
Guro Hovda har vore leksehjelp i fleire år, og anbefaler oppdraget på frivilligsentralen sin facebookside:
– Dette er en trivelig og nyttig aktivitet! Jeg har vært med noen år, først som leksehjelp for en, og nå sist i lekseklubb. Absolutt overkommelig med en time hver tredje uke! Du både gir og får.