Me bør no leggje ein strategi for korleis me kan støtte og leggje til rette for vidareutvikling av allereie eksisterande næringsliv. Sjølv om nokon næringar for tida opplever utfordringar med å skaffe nok arbeidsfolk, så må me også tenkje langsiktig og sjå dette som ein viktig del av samfunnsutviklinga.

Les også

Etter mi meining er dette det det største ranet av bygdene sidan Høgfjellskommisjonen stal oppretta statsallmenningane

Korleis kan me i enda større grad stimulere til nye næringar, fleire arbeidsplassar og leggje til rette for omstilling ved behov? Samfunnsøkonomisk analyse AS har sett på kva som kjenneteiknar kommunar som lykkast med næringslivsutvikling. Eit punkt det blir peikt på i rapporten er mellom anna at det til ein kvar tid bør væra ferdige regulerte næringsareal i kommunen.

Eit anna punkt er kommunale investerings- eller utviklingsselskap med korte avgjerdslinjer som kan agere raskt. I Vang finst det allereie regulerte næringsareal og me har rundt 90 GWh unytta konsesjonskraft. Eg meiner tida er inne for å sjå på korleis Vang kan vere tent med å etablere eit slikt utviklingsselskap. Kan eit slikt selskap stimulera til at private investorar investerer i kraftkrevjande industri eller anna produksjon til dømes innan fornybar energi? Dette vil kunne gje arbeidsplassar, økt busetting samt framtidige føreseielege inntekter.

Les også

Det er eit faktum at menn 50+ framleis dominerer kommunestyra våre

Å nytte meir av konsesjonskrafta vil styrke kommuneøkonomien, og ruste kommunen for framtidig drift og investeringsbehov. Parallelt med dette vil ein måtte sjå på korleis kommunen kan leggje til rette for rekruttering og kompetanseutvikling, både for eksisterande og eventuelt nytt næringsliv.

Kampen om arbeidskrafta og behovet for kompetanse i alle yrke innan offentleg og privat sektor blir stor i komande år. Kommunen må difor arbeide aktivt for å leggje til rette for utdanning og kompetanseheving, saman med næringslivet. Framover ynskjer Vang Ap å ha fokus på dette. I budsjettet for 2023 er det sett av 15 millionar til eit mogleg investerings- eller utviklingsselskap.

Les også

Det er utrolig viktig at vi nå er på (Valdres)banen

No byrjar jobben med å greie ut modell og innhald, samt utarbeide ein strategi for langsiktig næringslivsutvikling. Det er viktig med tett og god dialog med næringslivet kring dette, men også ei god forankring av dette både politisk og administrativt.