Gå til sidens hovedinnhold

Vang kommune har fått 13 nye smittetilfelle: – Det er bebuarane på mottaket som er smitta, seier kommunedirektør Erlend Haaverstad

Vang kommune har i løpet av fredag kveld fått melding om 13 nye smittetilfelle av korona. Dei er alle nærkontaktar av tidlegare smitta. No går kommunedirektør Erlend Haaverstad ut med informasjon om smittestaden.

Vang: – Det er bebuarane på mottaket som er smitta, slik at folk treng ikkje gå rundt å vera redd for at det er smitte overalt, seier Haaverstad til avisa Valdres.

Vang kommune har i løpet av fredag kveld fått melding om 13 nye smittetilfelle. Dei er alle nærkontaktar av tidlegare smitta. Så langt i november har Vang kommune 23 registrerte tilfelle av covid-19. Fredag var det møte i kriseleiinga.

Les også

– Om det forsetter slik, er det et godt tegn

Mottaket er isolert

– Vi går no ut med informasjon om at smitten er stort sett isolert til Vang mottak. Det er der dei aller fleste tilfella er og vi har isolert dette. Det bur om lag 80 asylsøkarar der no, ettersom tjue personar vart frakta vidare sist veke, seier Haaverstad.

Kommuneleiinga ventar på fleire svar i løpet av laurdagskvelden, etter alle dei prøvene som vart teke fredag.

– Vi forventar dei inn no, og har allereie fått eit svar som kom i løpet av møtet i ettermiddag.

Les også

Siste mottak i Valdres

Vaksinerte og ikkje

– Korleis er det med vaksinering på mottaket?

– Det er noko skepsis blant enkelte der også, som elles i samfunnet, slik at vi har både dei som har teke vaksine og dei som ikkje har det. Det er både born og vaksne som er smitta, seier Haaverstad.

– Dei tjue som vart frakta ut, kan dei ha smitte med seg?

– Det er krevjande å tømme eit mottak samstundes med at det er ein pågåande smittesituasjon. Så det er vel det ein kan seie til det. Avtalen mellom UDI og Hero går ut ved nyttår og det er forventa at mottaket er tømt til jul, svarar Haaverstad.

Dei som er smitta i Vang mottakssenter er ikkje med statistikken, men dette viser tal for Valdres.

Roar folket

Haaverstad seier at koronasmitten i Vang kan ha samanheng med smitten i Nord-Aurdal.

– Det har vore ein del asylsøkjarar på tur ned til Nord-Aurdal, slik at det kan ha samanheng, men vi veit ikkje. Men, det er ingen villsmitte i samfunnet i Vang. Det kan vera beroligande å vita for folk flest. Vi har no isolert mottaket så godt vi kan og tek eit nytt møte i morgon tidleg. Vi veit nok meir då, avsluttar Haaverstad til avisa Valdres.

Les også

Nye smittetilfeller i flere kommuner

Kommentarer til denne saken