Sam­ar­beids­av­ta­le mel­lom Vang kom­mu­ne og Ungt En­tre­pre­nør­skap kom på plass

Vang: Her er inspektør ved Vang barne- og ungdomsskule (VBU), Agata Gniewek Bøe (f.v.), næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, rådgjevar ved VBU, Merete Bjørgo, rektor ved VBU, Tor Nordaas, rektor VBU, oppvekst-, kultur- og integreringssjef i Vang kommune, Tommy-René Stordal, og rådgjevar hos Ungt Entreprenørskap Oppland, Inger Toril Holte Breien.

Vang: Her er inspektør ved Vang barne- og ungdomsskule (VBU), Agata Gniewek Bøe (f.v.), næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot, rådgjevar ved VBU, Merete Bjørgo, rektor ved VBU, Tor Nordaas, rektor VBU, oppvekst-, kultur- og integreringssjef i Vang kommune, Tommy-René Stordal, og rådgjevar hos Ungt Entreprenørskap Oppland, Inger Toril Holte Breien. Foto:

Vang kom­mu­ne og Ungt En­tre­pre­nør­skap Opp­land sig­ner­te ons­dag ei sam­ar­beids­av­ta­le. Frå før har Nord-Aurdal og Sør-Aurdal kom­mu­nar slike av­ta­ler og Vang kom­mu­ne blir der­med den tred­je i Vald­res.

DEL

Vang: – Vi i Vang er særs glad for at vi no har fått til ei av­ta­le på det­te. Eg veit vi har dis­ku­tert det man­ge gon­ger, men ut­byg­gin­ga ved Vang barne- og ung­doms­sku­le har sett det litt på vent. Men no er vi kla­re til å vekt­leg­gje det­te i Vang, og med godt sa­mar­beid med Ungt En­tre­pre­nør­skap, Vang barne- og ung­doms­sku­le og næ­rings­li­vet i Vang, er det­te både spanande, vik­tig og rett sat­sing, sei­er ord­fø­rar Vi­dar El­tun.

Tre inne og tre ute

Som avi­sa Vald­res skreiv ny­leg var det berre to kom­mu­nar i Vald­res som var med i det­te pro­gram­met, men no blir Vang den tred­je. Fram­leis mang­lar Øyst­re Slidre, Vest­re Slidre og Et­ne­dal.

Sam­ar­beids­av­ta­la vart inn­gått den­ne veka og kom på plass et­ter ein pro­sess med kom­mu­nen, In­no­vang­sjon og Ungt En­tre­pre­nør­skap.

-I Vang har vi tru på fram­ti­da og er ak­ti­ve i for­hold til end­rin­gar i sam­fun­net. Sam­ar­beids­av­ta­len med Ungt Entreprenørskap er ein av flei­re må­tar å ta grep om eiga ut­vik­ling, slik at dei som veks opp her får kunn­skap om kor dei kjem frå og ei kjens­le av å høy­re til her, legg El­tun til.

Nøgd lei­ar

Dag­leg lei­ar i Ungt En­tre­pre­nør­skap Opp­land, Ka­rin Rønning, er òg nøgd med sam­ar­beids­av­ta­len

-Vi er særs gla­de for eit vik­tig sa­mar­beid med Vang kom­mu­ne. Sam­an med kom­mu­nen skal vi nå gje­ kom­pe­tan­se i en­tre­pre­nør­skap, som er vik­tig både for dei unge og for sam­fun­net i fram­ti­da, sei­er ho.

– Har ar­beidd godt

Råd­gje­var i Ungt En­tre­pre­nør­skap i Vald­res, In­ger To­ril Hol­te Brei­en, har hatt kon­takt med dei in­vol­ver­te og sei­er at Vang barne- og ung­doms­sku­le i flei­re år har hatt man­ge spa­nan­de pro­sjekt knytt til lo­ka­le res­sur­sar og har job­ba godt med en­tre­pre­nør­skap på uli­ke må­tar.

– Eg gle­r meg ver­ke­leg til å bi­dra og til å sjå kor­leis "Vangsmåten" å dri­ve elev­be­drift på blir, sei­er ho.

Ele­va­ne på fem­te, åt­tan­de og ni­an­de steg er ein del av av­ta­len som no er skri­ven med Vang kom­mu­ne. Tema som skal arbeidast med er "Vårt lo­kal­sam­funn" på fem­te steg, "øko­no­mi og kar­ri­e­re­val" på åt­tan­de steg og en­de­leg "elev­be­drift" på ni­an­de steg.

Artikkeltags