Blir gratis buss frå Vang til World Cup

Av

Vang kommune set opp gratis buss så du kan vera med og sjå langrensstjernene på nært hald i verdenscupen, med stafett for damer og herrer på Beitostølen sundag 9. desember.

DEL

Vang: Bussen startar frå Tyinkrysset kl. 08.00 via Vang på E 16 til Ryfoss og vidare over Eggeåsen til Beitostølen. Heimreise blir same ruta med avreise frå Beitostølen klokka 15.30. Valdres Natur og kulturpark har Camp Valdres på langrennsstadion med stort telt, servering av lokalmat, kultur og underhaldning. Kle deg for å vere ute heile dagen, hugs varme sko og klede! Ein må betale inngang til stadion. Bindande påmelding til Vang kommune på tlf: 61 36 94 00 eller e-post: post@vang.kommune.no

Her er dert fyrst til mølla prinsippet som gjeld. Du må stå klar ved E 16, og bussen startar altså på Tyinkrysset kl. 08.00. Velkommen til ein idrettsfest du seint vil gløyme!

Artikkeltags