Fotballturnering på Tveit

Fjorårets turnering: Ryfoss Taxi mot Gullringen.

Fjorårets turnering: Ryfoss Taxi mot Gullringen. Foto:

Av

Laurdag 15. september kl 11:00 er det igjen klart for fotballturnering på Tveit stadion. FK Vang, Vang mottakssenter, Innovangsjon og Vang frivilligsentral står bak arrangementet som no blir arrangert for 4 gong.

DEL

Vang: – Det har vore enormt moro dei siste åra, folk frå heile bygda møtest til leik - og blodig alvor. Og vandrepremien, eit nydeleg rosemåla mjølkespann, er veldig gjev. Spørsmålet er om nokon klarer å overta det frå 'The Outsiders' som har vunne dei siste to åra! seier Marianne Berge i FK Vang.

Det blir 7-erlag, kiosk og grill som før, og turneringa er ope for alle - grendelag, bedriftslag, eller vennelag. Her speler både unge og gamle og kvinner og menn skulder mot skulder. Meld på laget ditt så snart som råd til frivilligsentralen@vang.kommune.no

– Vi startar kl 11 i år, og finalen blir spelt kl 14. Og vi håper sjølvsagt så mange som mogeleg blir med å gjere dette til nok ein folkefest! seier Marte Tangen på frivilligsentralen.

Artikkeltags