Fredagskos på Bøflaten camping

Eitt løft: – No er vi i mål med det aller meste og det passar godt med ein fest for bygda, fortel dagleg leiar ved Bøflaten Camping, Joar Rye. 

Eitt løft: – No er vi i mål med det aller meste og det passar godt med ein fest for bygda, fortel dagleg leiar ved Bøflaten Camping, Joar Rye.  Foto:

Etter fleire større oppgraderingar dei siste to åra ynskjer Bøflaten camping å syne seg fram for bygda og inviterer i lag med Innovangsjon til Fredagskos 14. juni.

DEL

Vang: – Det har vore ei artig periode der mange handverkarar i Vang har gjort solid arbeid og vi verkeleg har investert for å løfte Bøflaten Camping. No er vi i mål med det aller meste og det passar godt med ein fest for bygda, fortel dagleg leiar ved Bøflaten Camping, Joar Rye.

Festen tek form som ein Fredagskos den 14. juni frå klokka sju med både lammelår av Tyinlam og andre godsaker er på grillmenyen.

Innovangsjon har ein liten campingquiz og det vert både pratemusikk, bålkos og dansemusikk ut over kvelden.

– Det er maks femti plassar. Og ja, hugs å invitere både gamle og nye sambygdingar med på fest. Fyrste Fredagskos er alltid gratis for nye sambygdingar, understreker Hallgrim Rogn i Innovangsjon

Mykje nytt

Etter bygging av tre feriehus, heilt nytt toalett-anlegg, grillplass og mykje anna i fjor vart det solid omsetningsauke 30 % førre året. Førehandsbookingane i år tyder på vidare vekst, og investeringane held fram.

- Vi har pussa opp to leilegheiter i hovudbygget for utleige året gjennom. Men det campinggjestar flest flest kjem til å merke best er eit splitter nytt kjøkken med utsyn og eteplassar der alt ligg godt til rette for sjølvhushald for dei ferierande, fortel Rye.

Artikkeltags