VANG: – Det blir gratis julemat, historier og song frå mange ulike land, mellom andre Nigeria, Bosnia og Etiopia, opplyser Marte Tangen ved Vang frivilligsentral.

Vi får høyre litt om valdrestradisjonen med kristenteppe, og om korleis muslimar og kristne i Syria besøker kvarandre under dei ulike høgtidene, og om katolsk julemesse i Albania.

Det blir også norsk julegraut med mandel i, og ein smak av rakfisk.

– Alle er velkomne – og om nokon vil bidra med eit juleminne eller ein song så ta gjerne kontakt, oppfordrar Marte Tangen.