Feiring av morsmålsdagen

Aissa Tobi (t.v.) frå Marokko og Naser Fellah frå Algerie kjem for å feire morsmålsdagen i Vang.

Aissa Tobi (t.v.) frå Marokko og Naser Fellah frå Algerie kjem for å feire morsmålsdagen i Vang. Foto:

Av

- For 4. året på rad feirer vi morsmålsdagen på Vang folkebibliotek, onsdagsformiddagen 21. februar, melder Marte Tangen ved frivilligsentralen.

DEL

VANG: Eit morsmål kan vere det språket vi lærer først, det språket vi forstår best eller det språket vi identifiserer oss med. Å ta vare på morsmålet er viktig både for identitetskjensla, for å vere i kontakt med ulike emosjonar og for å lære nye språk.

Morsmålsdagen blir det dikt- og tekstlesing på ulike språk, og ein forrykande konsert med Aissa Tobi og Naser Fellah.

Aissa Tobi kjem frå Marokko, og lærde å spele tradisjonsmusikk av bestefaren sin tidleg i barneåra. Musikken han spelar blir kalla Gnawi, ein lokal variant av Gnawa - kjend som transemusikk og brukt i healingritual i Nord-Afrika. Musikkforma har eksistert i svært lang tid, og er eit resultat av møtet mellom islamsk sufi, vestafrikanske tradisjonar og musikken til berberane, urfolket i Marokko.

Naser Fellah kjem frå ein musikalsk familie med bakgrunn frå ørkenen i Algerie. Han har budd og jobba som perkusjonist både i Algerie og i USA. Han speler mange instrument, på konserten i Vang har han med seg ein derbouka. Begge musikarane kom til Norge på 80-talet, og bur i Oslo.

Det er fri entré og alle er velkomne. Arrangementet er eit samarbeid mellom Vang frivilligsentral, Vang folkebibliotek, Vang mottakssenter og Vang læringssenter.

Artikkeltags