VANG: På føremiddagen laurdag 24. februar kan du bli med å lage din eigen papegøye av papp!

– Ta med ei god saks – og born under 12 år må ha med seg ein vaksen, seier Marte Tangen ved frivilligsentralen.

Måndag, tysdag, onsdag og fredag i vinterferieveka kan du byggje LEGO på føremiddagen, og fredag 2. mars klokka to blir det høgtidleg kåring av dei to beste byggverka. Vinnarane får to kinobillettar kvar, sponsa av Valdres sparebank.

I juryen sit arkitekt Tore Gulbrandsen, designar Ingrid Wigdel og byggjesaksbehandlar Arne Belsheim.

– Konkurransen er ope for folk i alle aldrar – og som sist vi hadde LEGO-verkstad er både foreldre og besteforeldre velkomne med, seier Marte Tangen.