Inspirasjon og fest med Huga på gard

FEST: Peter Hatcher er kokk og dagleg leiar på Syndinstøga og syter for topp lokal servering. Anne Live Garvik er prosjektleiar for Huga på gard og vertskap gjennom dagen og kvelden.

FEST: Peter Hatcher er kokk og dagleg leiar på Syndinstøga og syter for topp lokal servering. Anne Live Garvik er prosjektleiar for Huga på gard og vertskap gjennom dagen og kvelden. Foto:

Av

Laurdag 26. oktober er det klart for både inspirasjonsseminar og fest i regi av Huga på gard.

DEL

VANG: – Etter snart tre år med Huga på gard er det busett folk på mange gardar i Vestre Slidre og Vang samstundes som vi har fleire enn nokon gong på interesslista. Då høver det seg med ein inspirasjonsdag og ikkje minst ein fest, fortel prosjektleiar for Huga på gard, Anne Live Garvik.

Både seminaret og festen skjer på Syndinstøga laurdag 26. oktober og byr på ein hærleg blandig av dyktige bønder, lokal mat og trivelege sambygdingar.

– Heile dagen og kvelden er både ferske og etablerte bønder, samt alle som her «Huga på gard», hjartleg velkomne. Inspirasjon og kunnskap er sjølvsagt viktig, men å få nettverk rundt seg som fersk gardbrukar og møte andre med lik interesse og kvardag, det er det verkeleg viktige her, understrekar Garvik.

Huga på gard-prosjektet går ut 2019 i Vang og Vestre Slidre, men det vert arbeida på fleire frontar for ei regional vidareføring av prosjektet i tida som kjem.

Sjå programmet i sin heilhet her.

Artikkeltags