Innovasjon Norge var på besøk i Vang

Arve Wangensteen (Vang Autoservice AS) , Bjørn Johnsen (Innovasjon Norge), Dag Inge Bruflot (Innovangsjon), Ragnhild Lund (Henrik Ibsen AS), Randi Ødegården (Beitegeit), Berit Lokreim (Beitegeit) og Anne Mette Iversen (Innvasjon Norge). Foto: Hallgrim Rogn
Innovasjon Norge besøkte Vang onsdag, der dei fekk presentert sju prosjekt i startgropa. Det skriv Vang i Valdres på sine nettsider.
La turen til Vang
– Vi følger med på det som skjer i Vang og vi la merke til dei mange ideene som kom på bordet frå Vang under StartUpp Valdres. Difor passa det godt med ein tur til Vang for å lære litt og sjå korleis vi kan bidra til å få realisert ulike prosjekt, sa Anne Mette Iversen, seniorrådgjevar hjå Innovasjon Norge Innlandet.
Saman med kollega Bjørn Johnsen var dei i samtalar med fire bedrifter og tre prosjekt heilt i startgropa i løpet av ein hektisk ettermiddag i Vang.
Framoverlent miljø
Vang har markert seg som ei gründerbygd med særleg mange nyetableringar dei siste tre åra. Samstundes spring det mange prosjekt ut frå godt etablerte bedrifter i kommunen.
– Vi prioriterte bedrifter med idear på gang som ikkje allereie har noko gåande hjå Innovasjon Norge, informerer næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot.
Både varesal, turisme, landbruk, kultur og teknologi var på bordet gjennom dagen.
– Her er bedrifter som vil satse og det opnar moglegheiter hjå Innovasjon Norge. No er dialogen i gang og vi reknar med at fleire av prosjekta vert realisert i løpet av 2018 med Innovasjon Norge med på laget, legg han til.