«Eldmølla»-badstove og rasteplass på Leirholshøgda

    Introfilm om bygginga av landets stiligaste badstove med rasteplass på Leirholshøgda våren 2017. Prosjektet er eit samarbeid mellom arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim, Innovangsjon og grunneigar. Badstova opnar fredag 19. mai.

    Av
    Artikkelen er over 2 år gammel

    Landets stiligaste badstove med tilhøyrande rasteplass vert sett opp på Leirholshøgda i Vang i Valdres no.

    DEL

    Den bratte stigen til Lerholshøgda er ein kort og legendarisk tur i Vang. Vel oppe i det levande stølslandskapet ved bekken Drøsja vert det no oppført ei badstove med tilhøyrande rasteplass. 

    Fyr opp i ovnen, gå ein liten tur, eller berre legge deg ned for å nyte utsynet mens du ventar på at badstova vert varm.

    Prosjektet har fått namnet «Eldmølla» og er eit samarbeid mellom arkitektstudiet ved NTNU i Trondheim, Innovangsjon og grunneigar. Både rasteplass og badstove vert tilgjengeleg for turfolk med betaling for ved via VIPPS eller med kontantar.

    Studentane legg ned om lag tre årsverk for å realisere prosjektet, mens kommune og lokalt næringsliv støtter opp. Ved sidan av dette ligg ein betydeleg arbeidsinnsats og finansiering frå grunneigar. 

    - Prosjektet manglar kr. 10.000 på å vera fullstendig finansiert og vi ynskjer å la lokalsamfunnet og verda bidra til å skape landets stiligaste badstove gjennom folkefinansiering, seier Hallgrim Rogn i Innovangsjon.

    Les meir om prosjektet HER.

    Artikkeltags