Storslått sommarfest i Vang

Fredagskos

Fredagskos Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– 80 samla til fredagskos på Sommarhotellet.

DEL

Vang: Det vart ein kveld av dei sjeldan supre då 80 vangsgjeldingar samla seg til Fredagskos på Sommarhotellet. Av dei åtte nye vangsgjeldingane på plass, har seks busett seg på gard.

– Det er fleire år sidan det har vore fest her no, så det var på tide, ynskte hotellsjef Trine Grann velkommen med.

Brenneri i framtida

Inn i mellom informasjon om mat og rømmingsvegar nytta ho også høve til å fortelje om planane om å byrje å brenne sprit i tilknyting til hotellet.

– Eg håpar at neste gong vi er samla til fest her, så er det for å feire opninga av Valdres Handverksbrenneri, sa ho.

Etter ein stroken middag og dessert tok Solbjørg Kvålshaugen ordet og informerte litt om alt som skjer på Eidsbugarden i fjella i Vang denne sommaren.

Åtte nye vangsgjeldingar

Så var det tid for å helse på dei åtte nye vangsgjeldingane, der altså brorparten har busett seg på garder. Ein kort quiz der laget Skutshødn vann, avslutta programmet. Festen var vel og merkje berre så vidt i gang.

– Dette er heilt unikt. Her er gamle og unge på fest saman og alle er like blide og imøtekommande mot oss som er nye, seier ein av dei tilflytta.

Artikkeltags