Allergivenlege blomstergrupper, handlaga julegåver og tradisjonelle juleblomster

Frå kursdagen: På bildet ser du frå venstre Anne Kristin Oldre, Bettina Rognås, Geir Katevoll, Lars Heen Moe og kurshaldar Chatrine Leine Nøkleby.

Frå kursdagen: På bildet ser du frå venstre Anne Kristin Oldre, Bettina Rognås, Geir Katevoll, Lars Heen Moe og kurshaldar Chatrine Leine Nøkleby. Foto:

Av

I gartneriet på Lund arbeidsbase i Vang er det full fart og god stemning om dagen. Julesalget er i gang og det bugnar av fine juleblomster av mange slag. Du kan og finne flotte julegåver der som er laga på Lund arbeidsbase gjennom året.

DEL

Vang: Gartneriet kan tilby alt frå enkle juleblomster til flotte grupper som vert planta der. Spesialiteten er grupper som er allergivenlege. Det er mange som slit med allergi rundt jula og gartneriet på Lund har teke dette på alvor. Forrige veke var det kurs for dei ansatte, der dei lærte korleis ein set saman ei fin julegruppe, korleis pakke blomstrane for å sikre dei mot minusgraderane og korleis ta godt vare på dei. Dei lærte og kva for blomstrar som er allergivenlege og som som ikkje framkallar tett nase og rennande auge. Å ha ope gartneri med julesalg har vore tradisjon så lenge gartneriet har vore på Lund.

Arbeidsgjengen har gått og gleda seg heile hausten til opningen og strålar med blomstrane i gartneriet om dagen. Sola er borte i Vang sentrum, men det gjer ingenting. I gartneriet et stemninga høg. Dette året har Lund arbeidsbase teke eit steg vidare og har bestilt mykje fine tulipanar og amaryllis. Torsdag og fredag før jul kan Lund arbeidsbase tilby flotte bukettar av både tulipanar og amaryllis sett opp slik kunden ynskjer det.


Allergivenleg julegruppe laga på Lund

Allergivenleg julegruppe laga på Lund Foto:

Artikkeltags