Kongevegen kviler ikkje på laurbæra

Helikopteret fekk med seg om lag 600 kilo i kvart løft. Det brukte ca. tre minutt på kvart løft frå steinurda under Hemsingberget.

Helikopteret fekk med seg om lag 600 kilo i kvart løft. Det brukte ca. tre minutt på kvart løft frå steinurda under Hemsingberget. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

No skal sherpaer restaurere eit utrasa parti i Kvamskleive .

DEL

VANG: Torsdag fekk dei frakta opp ein formidabel haug utplukka stein frå ura under Hemsingberget. Det var helikopterselskapet Airlift i Førde som hadde oppdraget.

Selskapet Stibyggjaren as har jobben med restaureringa, og i nokre dagar no har ein gjeng sherpaer hatt jobben med å plukke ut egna stein og leggje desse i solide oransje posar.  Desse har vore godt synlege frå E16, og mange har lurt på kva som har skjedd borti Hemsingberget. Eit slags kunstprosjekt, kanskje!

Det blir litt av ein jobb å dandere steinhaugen slik at det blir Kongeveg!

Det blir litt av ein jobb å dandere steinhaugen slik at det blir Kongeveg! Foto:

Men no er dei fleste frakta opp til Kvamskleive, for å bli solid fundament for Kongevegen. Då me var innom fortalde pilot Jon Inge Osen at han hadde gjennomført 115 løft. I alt skulle rundt 200 steinlass fraktast opp. Ikkje alt skulle opp denne dagen.

Pilot Jon Inge Osen frå Bygstad til venstre med bakkemannskap Silje Løkstad, Kragerø og Ole Kristian Breili frå Hønefoss.

Pilot Jon Inge Osen frå Bygstad til venstre med bakkemannskap Silje Løkstad, Kragerø og Ole Kristian Breili frå Hønefoss. Foto:

– Me kjem attende ein dag seinare denne månaden, for å frakte opp resten av det som måtte trengjast, sa han.

Sjå helikopteret i aksjon:

    Sherpaer skal restaurere eit utrasa parti i Kvamskleive.

    Artikkeltags