25 personar kom for å sjå 11 måter å sjå på

25 personar kom for å sjå 11 måter å sjå på

25 personar kom for å sjå 11 måter å sjå på Foto:

25 personar var tilstades då utstillinga "11 måter å se" opna sist laurdag på Vang folkebibliotek.

DEL

Vang: Utstillinga består av 11 fotografi med særs ulike motiv, men alle med eit klart grafisk preg. Erling Sand presenterte bileta sine og fortalte korleis han medviten har brote dei etablerte "reglane" til fotografiet, leika seg med fargar og justert motiva for å skape sitt eige uttrykk. Fotografia er printa direkte på aluminium, og dei flotte rammene i beisa eik har Sand laga sjølv. Utstillinga heng ut august og kan besøkast i biblioteket si opningstid.

Artikkeltags