Myhre trer av og Kashina tiltrer

Av

Sundag 13.januar i Vang kyrkje vart ein litt underleg dag innafor korliv i Vang. Det var avslutningskonserten til Elisabeth Myhre som kordirigent, og Elisabeth har verkeleg vore ein tro entusiast for korsong i Vang.

DEL

Vang: Ho starta opp Øye og Fjellblom songlag i 1975, der ho var dirigent fram til 2015. Då slo Øye og Fjellblom songlag seg saman med Vang sanglag, og då vart Elisabeth og dirigent i det nystarta Vangskoret. Samanslåinga av desse kora har vore ei lukkeleg handling, då det nye koret har hatt ein auke av medlemmar og mange flotte framføringar som resultat. Elisabeth har vore veldig viktig i denne prosessen. Elisabeth har no sjølv valgt å tre til side, for å legge til rette for yngre krefter. Og, som ho seier det sjølv, ho har no blitt oppgradert til alt i koret og blir med koret framover som songar. Ho stiller nok opp som dirigent og, om det skulle knipe på ein gong. Vangskoret sin nye dirigent blir Veronika Kashina, som er tilsett som kantor i Vang etter Alistair Peters. Begge desse var med å sette flott farge på konserten med mellom anna musikk av Dvorak, der Alistair spelte piano og Veronika og Aleksandra Boiko spelte fiolin. Vangskoret takkar Elisabeth for det gode arbeidet ho har gjort, og ønsker samtidig Veronika velkommen.

Artikkeltags