Mat og makt i Valdres

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Nationen, Vang Folkebibliotek og Vang Frivilligsentral inviterer til debattkveld om landbruket i Valdres.

DEL

Vang: Astrid Sverresdotter Dypvik og Hilde Lysengen Havro frå Nationen presenterer den kritikarroste boka “Kven skal eige jorda? - Ei bok om mat og makt." Boka fortel om kappløpet om den fruktbare svartjorda i Ukraina, om gjeldstynga bønder i Danmark og om odelsjenta på eit sauebruk i Vang i Valdres. Etterpå blir det debatt Valdreslandbruket. Mange av gardane i området er små, mange treng store nyinvesteringar. Men er det det plass Valdreslandbruket i framtidas matproduksjon?

Deo som deltar i debatten er:

Guro Lajord, sauebonde Vang

Ole-Jacob Christensen, småbrukar i Vestre Slidre og medlem av MDG

Eivind Brenna, ordførar i Vestre Slidre (Bygdelista/Venstre)

Jørand Ødegård Lunde, dagleg leiar Valdres Natur- og Kulturpark

Tove Grethe Kolstad, mjølk- og kjøttprodusent i Øystre Slidre

Vidar Eltun, ordførar i Vang (Ap)

Debatten finner sted på Vang folkebibliotek torsdag 25. oktober. Møtet er en del av 100-års feiringen til Nationen og er støtta av Fritt Ord.

Artikkeltags