Gå til sidens hovedinnhold

Det kan bli 90 km/t på E16

Artikkelen er over 6 år gammel

Vang: – E16 over Filefjell er ein av fleire fjellstrekningar der vi vurderer 90 kilometers fartsgrense, seier fungerande vegdirektør Lars Aksnes.

Han kjørte fredag vegen over Filefjell i samband med utdelinga av Vakre vegars pris, og vart svært fornøgd med arbeidet som er gjort så langt.

Utgreiing
Aksnes opplyser at Vegdirektoratet for tida er i gang med å laga ei utgreiing om fartsgrenser og at Filefjell er med i utgreiinga.

– Vilkåret for å innføre ei slik fartsgrense er at fjellvegen har god standard og blir vurdert som sikker, seier Aksnes.

Når det gjeld ei eventuell innføring av vinterfartsgrenser og sommarfartsgrenser, opplyser Aksnes at Vegdirektoratet ikkje har teke noko standpunkt til dette.

Fornøgd med 60 mill. til Øye-Eidsbru
Aksnes er elles svært fornøgd med at regjeringa vil legge inn 60 millionar kroner til Øye-Eidsbru.

– Det betyr at vi kjem godt i gang til neste år. Når vi fyrst har fått startløyvinga er det ingen grunn til å frykte at vi ikkje får resten. På grunn av behovet for rasjonell utbygging vil dei resterande løyvingane koma fortløpande, seier Aksnes.

Byggekostnaden er etter siste oppdatering rekna til 683 millionar kroner. Etter det Valdres kjenner til, vil arbeidet kunna starte tidlegast i mai 2016. Men då er vilkåret at Stortinget sluttar seg til forslaget frå regjeringa.

 

Kommentarer til denne saken