Vang kom­mu­ne har minst tre av alle vald­res­kom­mu­na­ne Men kom­mu­nen val­de li­ke­vel å byggje hal­len sin i tre

Valde tre: Vang valde tre for fleirbrukshallen sin.

Valde tre: Vang valde tre for fleirbrukshallen sin. Foto:

Ord­fø­rar i Vang, Vi­dar El­tun, re­a­ge­rer på opp­sla­get i avi­sa om at det ik­kje blir bygd i tre i Vald­res. 

DEL

Vang: – Eg vil min­ne om at Vang har bygd ut Vangshallen og res­tau­rert Vang barne- og ung­doms­sku­le for 140 mil­li­o­nar kro­ner, mes­te­par­ten i tre, sei­er El­tun. Iføl­gje El­tun har mas­siv­tre også vore eit vik­tig ele­ment i byg­gin­ga av hal­len.

De­batt om byg­ging i tre

Vangshallen vart opna med open dag for byg­de­fol­ket i mars 2017. Sjølv om Vang er den kom­mu­nen i Vald­res som har minst skog, og som avverkar minst tøm­mer, så val­de alt­så den­ne kom­mu­nen å gå føre og vise at det er for­nuf­tig å byggje i tre.

Opna: I mars 2017 kunnme ordførar Vidar Eltun klippe over snora og erklære den nye storstova i Vang for opna.

Opna: I mars 2017 kunnme ordførar Vidar Eltun klippe over snora og erklære den nye storstova i Vang for opna. Foto:

– Vi had­de ein de­batt rundt bruk av tre. Vi kun­ne kan­skje ha spart litt ved å byggje i stål og be­tong, men fann ut at tre var det ret­te, sei­er El­tun.

Han vi­ser til at tre­byg­nin­gar er vak­re bygg. Sam­ti­dig er mil­jø­as­pek­tet vik­tig.

Bi­drag til be­re­kraft

– Byg­ging i tre er eit vik­tig bi­drag til berekrafttanken. På sikt er det også økonomisk rik­tig. Ei tre­bygg held minst like len­ge som eit bygg i stål og be­tong, sei­er Vi­dar El­tun, som også vi­ser til at det har vore eit øns­ke frå fyl­kes­kom­mu­nen at det blir reist of­fent­le­ge bygg i tre.,

Vi­dar El­tun vi­ser til at den kon­tak­ten kom­mu­nen har hatt med ar­ki­tekt Ma­ri­us Waa­gaard og NTNU i Trondheim via In­no­vang­sjon har vore ei vik­tig ins­pi­ra­sjons­kjel­de til å sat­se på tre. I den sa­man­hen­gen har det i kom­mu­nen blant anna vor­te bygd flei­re badstover og lei­ke­ap­pa­rat i tre.

Det er også vik­tig at kom­mu­nen har tre­for­ed­lings­be­drif­ta Tvei­ta­bru med I3 Ele­ment AS, som sat­sar stort på tre­le­ve­ran­sar til alle moglege ty­par bygg.

– Både kom­mu­nen og alle bru­ka­ra­ne er svært godt for­nøg­de med Vangshallen. Det er udelt po­si­ti­ve til­ba­ke­mel­din­gar, og det er også man­ge som kjem for å stu­de­re fleir­bruks­hal­len vår, sei­er El­tun.

Artikkeltags