I over 20 år heldt han koll på økonomien i Øystre Slidre, no er den erfarne økonomimannen, Ole Martin Alfstad (54), i full gang i Vang

2. november byrja Ole Martin Alfstad (54) som ny økonomisjef i Vang. Han vart umiddelbart kasta inn i arbeidet med å sy saman budsjettet og økonomiplanen for 2020. Fredag møtte han kommunestyret for fyrste gong. Det gjekk særs bra.