Gå til sidens hovedinnhold

25 år på jobb for Vang kommune

Artikkelen er over 3 år gammel

Vang: Ordførar, rådmann og personalkonsulent i Vang kommune, hadde, tradisjonen tru, invitert tilsette med 25 års teneste til markering i Sørre Hemsing måndag ettermiddag.

Vertskapet stilte med velsmakande, tre rettars middag noko jubilantane sette stor pris på. Ordføraren sa i si takketale til dei tilsette at han var imponert over all den fagkompetansen dei har tileigna seg, og han takka på vegner av Vang kommune for solid innsats i alle desse 25 åra.

-Ein velfungerande kommune er heilt avhengig av fagleg dyktige og motiverte medarbeidarar som gjer ein stor innsats til beste for born og eldre i kommunen, sa ordføraren som takka for innsatsen så langt. . Han delte ut eit gåvekort til dei tilsette og dei fekk også med seg ei flott blomstergruppe frå gartneriet på Lund.

Kommentarer til denne saken