Søkjer tilsyn for Torfinnsbu

Torfinnsbu: Hytta, med historie attende til 1905, ligg idyllisk til på nordsida av fjellsjøen Bygdin, ved foten av Torfinnstindane.

Torfinnsbu: Hytta, med historie attende til 1905, ligg idyllisk til på nordsida av fjellsjøen Bygdin, ved foten av Torfinnstindane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

DNT Oslo og Omegn søkjer etter folk som vil ha jobben som tilsyn for sjølvbetjeningshytta Torfinnsbu søraust i Jotunheimen.

DEL

Vang: Torfinnsbu ligg ved nordsida av fjellsjøen Bygdin, ved foten av Torfinnstindane. Hytta har om lag 1500 overnattingar i året, og det går T-merka stiar til/frå Eidsbugarden, Gjendebu, Bygdin og Valdresflye.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet som tilsyn omfattar generell drift og tilsyn med bygningane, oppgjer/tømming av safe med innbetalingar, transport til og frå hytta med snøskuter og båt, oppfølging av ved og proviantlager, oppfølging av hyttevakter og dugnader samt rapportering til DNT Oslo og Omegn.

Søknadsfrist på tilsynsjobben er 7. mai.

Lang historie

Torfinnsbu starta som DNT-hytte så tidleg som i 1905, men var i privat eige frå 1912 fram til DNT på nytt overtok drifta i 2016.

Om sommaren har hytta anløp fire gonger dagleg av den over 100 år gamle rutebåten M/B Bitihorn. Båten går kvar dag to turar fram og tilbake over den tre mil lange innsjøen Bygdin, frå Bygdin Hotell i aust til Eidsbugarden med DNT-hytta Fondsbu i vest.


Artikkeltags