Ras har gått over fylkesveg 293 i Vang

STORE STEINAR: Raset ved Kviture.

STORE STEINAR: Raset ved Kviture. Foto:

Fylkesveg 293, Vennisvegen, er stengd som følgje av steinras. Vegen vil vere stengd heile helga, melder politiet.

DEL

VANG: Politiet Innlandet melder at det har gått eit ras over fylkesvegen ved Kviture, cirka 7 km søraust for Øye, like før klokka 10 laurdag.

Geologar til staden

Ordførar i Vang, Vidar Eltun, fortel at det dreier seg om steinar som har rast ut i vegen mellom Vennis og Øye.

– Det har rasa ut over eit breitt område og ligg stein spreitt i vegen. Det er mange større steinar som har rasa ut, seier Eltun.

Han fortel at vegen nå vil vere stengt i samband med sikring.

– Eg har fått informasjon frå politiet om at geologar er kontakta, og skal gjere undersøkingar. Dei må sikre at det ikkje er fare for fleire ras før vegen kan ryddast og opnast, seier Eltun.

Ingen bustader i området

Politiet opplyser at det ikkje er hus i området der raset har gått.

Ordføraren bekreftar at ingen er direkte ramma av raset.

– Men om vegen blir stengt lenge, er det sjølvsagt uheldig for folk og offentlege tenesteytarar som bruker han dagleg, seier Eltun.

Andre ras på 5 dagar

Raset over Vennisvegen er det andre som går i Vang berre denne veka.

Tysdag vart to familiar på til saman 10 personar evakuere frå heimane sine, då ein fjellnut rasa ut ovanfor bebyggjelsen.

Les meir om raset som gjekk tysdag kveld her:

Artikkeltags