Tilbyr gratis vinterferie på Merket

Vang kommune vil at også familier med svak økonomi skal få opplevelser som dette på Merket i Tisleidalen  i vinterferien.

Vang kommune vil at også familier med svak økonomi skal få opplevelser som dette på Merket i Tisleidalen i vinterferien.

Av

Røde kors tilbyr gratis ferie til familiar med låg inntekt. Har du minimum eit born i barneskulealder kan du no søke om opphald på Merket Røde Kors-senter i vinterferien, skriv Vang kommune på sin nettside. Gjennom Ferie for alle får familiar med svak økonomi tilbod om ein aktiv ferieoppleving for heile familien. For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman. Då får familien moglegheit til å dele gode opplevingar og skape felles minner. Du kan ikkje søkje til Ferie for alle som privatperson. Familiar i Vang kan ta kontakt med Marte på frivilligsentralen - ho hjelper deg vidare, og sender inn sjølve søknaden på vegne av deg og familien. Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt. Frist for å søkje ferieopphald i vinterferien 2018 er sett til 18.januar.

Artikkeltags