Slektstreff på Tyinholmen

Etterkomarane etter Helge og Berit (Nystøga) Opdal hadde stort slektstreff på Tyinholmen laurdag 12. september.

Etterkomarane etter Helge og Berit (Nystøga) Opdal hadde stort slektstreff på Tyinholmen laurdag 12. september. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Etterkomarane etter Helge og Berit (Nystøga) Opdal hadde stort slektstreff på Tyinholmen laurdag 12. september. Av bortimot 180 etterkomarar, møtte 120 på treffet.

DEL

VANG: Helge og Berit dreiv Sygarden Opdal i Øvre Dalen i Øye frå 1912 til 1942. Dei fekk seks born. Helge var dessutan ein framifrå hotellvert på Tyinholmen–Norges beste vart det sagt–og fekk for det Kongens fortenestemedalje i gull i 1961. Både Helge og Berit gjekk bort i 1962.

Det var far til Helge, John Opdal, som bygde opp Tyinholmen frå 1890. Turiststaden er framleis i slekta, og i dag er det Øystein Opdal som er eigar. Han er også ein av initiativtakarane til slektstreffet.

– Me hadde ei samling for omtrent ti år sidan, den gongen etter slektsleddet før, John og Ragnhild Opdal, fortel Berit Solheim. Ho er også med i planleggingskomiteen, og dotter av Kari Opdal som vart gift med Helge Haugen (den velkjende bussjåføren).

– Me søskenbarna som kjende/kjenner båe endane i denne slektslina, syntest det var moro å få samla alle. Her er omtrent nyfødde og åttiåringar. Son min Vegard, som har granska slekta langt bakover, har sett saman ein film han har kalla «Våre eldgamle røter». Denne vil bli vist, og Anders Opdal og andre vil fortelja om livet på «Hølma» gjennom tidene. Eit flott NRK-intervju med Helge Opdal frå 1961 blir det også, seier Berit.

Artikkeltags