Vang Auto-Service AS - årets Lynx-forhandlar

Solid arbeidsstokk: Ein gjeng med solide BRP-entusiastar som gjev kundane tillit. Frå venstre Arve Wangensteen, Rune Wangensteen m/plaketten, Ståle Wangensteen, Pål Nickelsen, Erlend Sandved , Andres Wangensteen og Jan Ove Wangensteen.

Solid arbeidsstokk: Ein gjeng med solide BRP-entusiastar som gjev kundane tillit. Frå venstre Arve Wangensteen, Rune Wangensteen m/plaketten, Ståle Wangensteen, Pål Nickelsen, Erlend Sandved , Andres Wangensteen og Jan Ove Wangensteen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Under forhandlartreffet i Sverige sist veke kunne Rune Wangensteen frå Vang Auto-Service AS ta i mot beviset på at bedrifta var beste Lynx-forhandlar i 2018. Onsdag feira han og skuterkarane ved verksemda heideren med marsipankake.

DEL

VANG: - Eg vart overraska då me vart ropt opp som best i Noreg, seier Rune. Truleg er han då litt beskjeden, for bedrifta hans har fått denne tittelen tre gonger før, i 2004, 2007 og i 2012.

– Kriteria for å få dette beviset går ikkje berre på kor mange nye Lynx-skuterar me sel, like viktig er tilbakemeldingane frå kundane, kor fornøgde dei er, seier han. Og når han nemner kundeskår på over 90 prosent både på produktet og servicen, skjønar me at han og gjengen på verkstaden har fortent tittelen.

Faste kundar

– Me har mange faste kundar som kjem tilbake til når skuteren skal bytast ut. Det tyder på at dei er fornøgde med produktet. Dei opplever også at me er der når dei treng hjelp om eit akutt problem skulle oppstå. Her er verkstaden veldig viktig, og alle dei tre som jobbar fast med Lynx-skuterane er jamleg på kurs for å halde seg oppdaterte, seier Rune Wangensteen vidare.

Indre Sogn

Åtti prosent av kundemassen er firmakundar, og Rune nemner e-verk, Røde Kors lag, skiheisar og reinlag som store og gode kundar. Salsområdet for nye skuterar er i fyrste rekkje Valdres og Indre Sogn.

– For å yte service til dei på vestsida av fjellet, dreg me over dit eit par gonger i året og leier oss ein verkstadhall der me utfører service og stiller ut nye produkt. Dette har slått godt an, fortel han.

Stort sal

BRP – Bombardier Recreational Products – er eit canadisk selskap, grunnlagt i 1942. I Skandinavia er det Finland som har hovudkontoret, og Vang Auto-Service AS forhandlar også ATVar og vasskuterar frå fabrikken her. Totalt selde vangsgutane 130-140 nye kjøretøy i 2017, fordelt på ca. 60 ATVar, 40 snøskuterar og 30 vasskuterar.

– Totalt utgjer dette salet mellom 1/3 og 1/4 av omsetninga vår, seier Rune.

Feira: Vang Auto-Service AS er kåra til årets Lynx-forhandlar. Det vart feira med marsipankake.

Feira: Vang Auto-Service AS er kåra til årets Lynx-forhandlar. Det vart feira med marsipankake. Foto:

Vidare satsing

Vang Auto-Service AS går så det susar, og planane er alt klare for vidare utbygging. Broder Arve Wangensteen fortel at dei på sikt vil bygge ein utstillingshall på to etasjar på i alt 1200 kvadratmeter.

– Til sumaren håpar me å få grave ut grusmasse og kanskje støypt, for bygging i 2020, fortel han. I dag sysselset bedrifta 38 personar på full- og deltid.

Artikkeltags