Fredagskos med grilling, minikonsert, kviss og open bar

Frå forrige Fredagskos på Sommerhotellet i Vang.

Frå forrige Fredagskos på Sommerhotellet i Vang. Foto:

Det blir seinsommarfest med grilling, minikonsert kviss og open kjellarbar på Sommerhotellet laurdag 17. august.

DEL

VANG: – Vi feirar at Sommerhotellet har vorte godt teke i mot av bygdefolk og tilreisande i sommar med ein skikkeleg Sommerhotell-fest, fortel eigar Trine Grann.

Saman med sommarens hotellvertskap, Stein Hovi, syter ho for god stemning og grillmat frå øvste bord denne kvelden.

– Det vert grilla kjøt av ulikt slag og massevis av friske salatar, sausar, potetsalag og tilbehør attåt. Til dessert køyrer vi heimelaga is og søte bær. fortel Grann.

Elles vert det kviss og sjølvsagt open kjellarbar. Som ein bonus stiller dei nye sambygdingane Veronika Kashina og Aleksandra Boiko med minikonsert mot slutten av middagen.

– Vi håpar på fullt hus med bygdefolk og nokre nye sambygdingar innom til trivelig lag på Sommerhotellet, sier Hallgrim Rogn frå Innovangsjon som samarbeidar med Sommerhotellet om festen.

Påmelding innan 15. august til stein@sommerhotellet.no, mob: 401 03 472 (NB: som ein Fredagskos på ein laurdag er festen gratis for nye sambygdningar som ikkje har vore på Fredagskos før.)

Foto:

Artikkeltags