Dialektkveld i Vang

Stort frammøte: Nok eit arrangement der interessa var større enn lokalet. Galleriet på biblioteket viser seg stadig å bli for lite for eit møtevillig vangspublikum.

Stort frammøte: Nok eit arrangement der interessa var større enn lokalet. Galleriet på biblioteket viser seg stadig å bli for lite for eit møtevillig vangspublikum. Foto:

Av

Onsdagskvelden hadde mållaget i kommunen invitert til møte om vangsmålet, med språkvitar og vangsgjelding Boye Wangensteen som gjest. For femti år sidan hadde han samla inn mange dialektprøver på lydband i samband med hovudfagsoppgåva si på universitetet.

DEL

VANG: Og temaet fenga, meir enn åtti hadde møtt fram då leiar i laget, Bjørg Lerhol, yngste velkomen. Boye Wangensteen opna med å plassere vangsmålet geografisk som austnorsk midlandsmål, der jamvektslova gjaldt med kløyvd infinitiv og tjukk l. – Spesielt for Vang er ein såkalla hjelpevokal slik som i eg finne, det brenne, ho er flinke osv., fortalde han. – Det er også spesielt at tjukk l ofte blir til ein r her, slik som i har(d), gar(d). Her brukar slidringane og til dels høresbygdingane den tjukke l-en (hal, gal). Og så har me det uvanlege at rt, rk og rp ofte får eit tillegg av ein s (svarst, marsk, syrsp).

Målmerkje for Vang

Han nemnde fleire døme på særtrekk ved vangsmålet slik som den støga/den veka, der naboane i sør seier den støgo/den veko.

– Og så har me det spesielle skiljet mellom og me som går i Hensgardane. Her stoppar bruken av , vidare vestover er me einerådande som fleirtalspronomen.

Wangensteen hadde også merka seg at dativen framleis held seg bra i Vang. Derimot var alderdomlege trekk som fleirtalsbøying av verb (han et – dei åto, åne føssa – ænadn føsse, han kjem – dei kåmo) på veg ut. Det gjaldt også omlydsbøying av inkjekjønnsord i fleirtal, slik som eit band – fleire bønd, eit bådn – fleire bødn.

Bidragsytarar på dialektkvelden: Boye Wangensteen, sjuandeklassingane Audun Hamre Rogn, Jonas Søndrol Furvann og Jannike Trøen Hovda og leiar i Vang mållag, Bjørg Lerhol.

Bidragsytarar på dialektkvelden: Boye Wangensteen, sjuandeklassingane Audun Hamre Rogn, Jonas Søndrol Furvann og Jannike Trøen Hovda og leiar i Vang mållag, Bjørg Lerhol. Foto:

Lydbandopptaka borte

Det var i 1968 at Boye Wangensteen «vasa rundt o intervjua følk i Hens- og Liagardo, o lite lenger uppi Vang med», som han sa. Dessverre finst ikkje desse banda lenger.

– Ein mørgo e kom på kontoret før å avslutte avskriftidn, va bandspelar`n stølin, o e fekk korkji den enn bønde atte, fortalde han.

Ordbokredaktør

Boye er pensjonert no, men har i heile sitt yrkesaktive liv jobba med språket. Han var hovudredaktør for Bokmålsordboka som kom i 1986, og er redaktør for Tanums store rettskrivningsordbok. I januar i år vart det siste store prosjektet hans lansert på nett, Det norske akademis ordbok - www.naob.no. Denne dekker litterært språk frå tidleg 1800-tal og fram til i dag. Her er det meir enn 200 000 artiklar om ord og uttrykk.

Dialekta i dag

Etter ei god kaffiøkt med kviss om 15 lokale ord og uttrykk, fekk me høyre prøver på dagens talemål. Mållaget hadde gjort ei avtale med sjuandeklassa ved Vang barne- og ungdomsskule om innsamling av dialektprøver, og tre av elevane møtte fram med foreldre og besteforeldre - og ei oldemor, for å demonstrere utvikling av dialekta. Som me vel kan skjøne; ho er i endring!


Artikkeltags