Vang: Med amatørvideoar frå den spede start med 'leik og fjas' på sykkelen i Vang, til proffe filmklipp av ein særs dedikert, talentfull og hardt arbeidande terrengsyklist, tok han oss gjennom dei siste 11 åra av livet sitt, der han har levd av syklinga. Ei imponerande og inspirerande reise!
Ekstremt
Den spektakulære videoen frå sykkelturen over Besseggen framkalla høge gisp, men då han synte fram klipp frå verdas tøffaste utforrenn RedBull Rampage (der han har deltatt 3 gonger og enda opp med ein 11.-plass), forstod alle for alvor kva slags ekstreme utfordringar han faktisk kan meistre på to hjul.
Signerte plakatar
Etterpå signerte han plakatar til stor glede for både små og store fans, og det var engasjerte diskusjonar kring skuteren, sykkelen og motorsykkelen han synte fram inne på biblioteket. Gikk du glipp av hendinga kan du sjå heile foredraget på Vang frivilligsentral sin facebookside