Sommersymfonien kjem til Vang: Konsert i Vangshallen

Ragnhild Hemsing kjem til Vang i høve Valdres sommersymfoni.

Ragnhild Hemsing kjem til Vang i høve Valdres sommersymfoni. Foto:

I Vang så vil Valdres sommersymfoni i år ha sin konsert i den nye foajeen i Vangshallen torsdag 27. juni, og her vil samspel vera i fokus.

DEL

Vang: Her vil vi mellom anna høyre Ensemble Allegria, som har sitt utspring frå miljøet rundt Barratt Due musikkinstitutt og Norges musikkhøgskule. Gruppa har vorte nominert til spelemannsprisen to gonger, mellom anna med sine tolkningar av Mozart og Schoenberg frå CD i 2017.

Oslo Kammerakademi er eit ganske nytt blåseensemble, som mellom anna ønsker å framføre musikken rett i høve til tidsepoken musikken vart laga i. Kjekt er det at Vang denne gongen og får besøk av Ragnhild Hemsing, med slektsrøter frå Vang. Ho har busett seg i Valdres og etablert seg med familie, samstundes som ho profilerer seg aktivt som fiolinist. Hennar siste CD Northern Timbre frå 2017 har fått særs gode kritikkar. Ragnhild har vore gjesteartist ved alle dei store festivalane og konserthusa i Noreg, mellom anna Festspillene i Bergen.

Tittel på konserten i år er Samspill, og vi får mellom anna høyre musikk av Schubert og Beethoven. Det vil bli ei lita pause, og i denne vil Vangskoret syte for at ein kan kjøpe seg kaffe og litt å bite i.

Artikkeltags