Nynorsk lesefest for barn

Laurdag er det nynorsk lesefest for barn på biblioteket i Vang.

Laurdag er det nynorsk lesefest for barn på biblioteket i Vang.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Laurdag 17. mars feirar dei Nynorsk lesefest for barn på Vang folkebibliotek.

DEL

VANG: Då kjem barnebokforfattar Randi Fuglehaug for å lese historia om papegøyejenta Papelina, som må dra frå heimen sin, på ei lang og slitsam reise.

«Papelina» er ei historie om flukt, familie og vennskap. Og om kva det vil seie å vere heime.

Målgruppa for boka er seks til ni år, men yngre og eldre barn er sjølvsagt like velkomen.

Det blir òg trommekurs for barn og servering av kanelsnurrer og saft. Arrangementet er i samarbeid med Det Norske Samlaget som fyller 150 år i år. Velkomen til alle barn og vaksne!


Artikkeltags