Vang: Tusen takk til alle frivillige som har stått på seint og tidleg med kokkelering. Ein julequiz med spørsmål frå heile verda opna opp for interessante samtaler rundt borda, og fleire lærte nok mykje nytt om korleis jula blir feira ulikt rundt om i ulike land. Dette er andre året vi arrangerer ein slik julelunch, og det er tydeleg at folk set pris på dette arrangementet, der dei møter mange forskjellige folk og kanskje får eit litt utvida blikk på julehøgtida. Takk også til jammegruppa som spelte, og til Vang mottak og Vang Læringssenter for samarbeidet.
50 gåver frå vangsgjeldingane
Vang Frivilligsentral ønskjer å rette ein stor takk til alle som har bidrege til årets julegåvedugnad! Vi er veldig rørt og glad for dei mange flotte gåvene som vangsgjeldingane har kjøpt og gitt. Styret i frivilligsentralen samt tilsette ved mottaket og læringssenteret står for fordeling og innpakking av gåvene, og vi fordeler klede, leiker og spel som best vi kan, slik at kvart born får éin pakke med litt forskjellig i. I år pakka vi inn nesten 50 gåver! Vi fikk faktisk inn så mykje at vi har litt til overs. Dette sparer vi til neste år – men om du veit om nokon andre ungar som kunne trenge ei gåve, så er det mogeleg å ta kontakt med Marte på frivilligsentralen innan 19. desember.