Vang frivilligsentral søker leksehjelp og øvingskøyrarar

Parwes er ein av gutane som ønskjer hjelp for å klare sertifikatet.

Parwes er ein av gutane som ønskjer hjelp for å klare sertifikatet. Foto:

Parwez, Emran og Kabid er ungdommar frå Afghanistan, busett i Vang og elevar ved Valdres videregåande. Saman med fleire andre busette flyktningar står dei i kø for å øvingskøyre.

DEL

VANG: – Er du ein tålmodig og trygg vaksen, med ein time til overs no og då? Vi kan love at å bli med på øvingskøyring er givande, morosamt - og ikkje minst gir det litt spenning i kvardagen, seier dagleg leiar på frivilligsentralen, Marte Tangen.

Du må vere over 25 år og ha hatt lappen samanhengande dei siste 5 åra, men du treng ikkje disponere din eigen bil - frivilligsentralen har bil til øvingskøyring som de kan bruke.

– Å ta lappen er ein viktig faktor for å kunne bu og jobbe i Vang. Vi er veldig glad for å ha mogelegheiten til å hjelpe busette flyktningar med denne utfordringa – til saman har 5 personar tatt lappen etter å ha øvingskøyrt med våre frivillige og bilen vår. Timar ved køyreskule kjem sjølvsagt i tillegg, og våre frivillige har fått rettleiing frå køyreskule for å drive med mengdetrening.

Lekseklubb i fare

I eit år har det også vore ein velfungerande lekseklubb på biblioteket/frivilligsentralen i Vang, og det er om lag 10 ungar som kjem kvar tysdag for å gjere lekser.

– Vi manglar no 3 leksehjelparar for å få til ein god turnus, så vi håper det melder seg nye frivillige raskt så vi kan få i gang klubben når skulen om kort tid startar!

Guro Hovda har vore leksehjelp i fleire år, og anbefaler oppdraget på frivilligsentralen sin facebookside:

– Dette er en trivelig og nyttig aktivitet! Jeg har vært med noen år, først som leksehjelp for en, og nå sist i lekseklubb. Absolutt overkommelig med en time hver tredje uke! Du både gir og får.

Det er ein motivert gjeng med ungar som kjem på lekseklubben kvar veke.

Det er ein motivert gjeng med ungar som kjem på lekseklubben kvar veke. Foto:

Artikkeltags