Å skaffe seg ein bekk

"Der skal bekken gå". På Sparstad brukte dei tørkesommaren på å skaffe seg ein bekk.

"Der skal bekken gå". På Sparstad brukte dei tørkesommaren på å skaffe seg ein bekk. Foto:

Av

Ein bekk skal renne nedover, ikkje bortover. Men i lia over Sparstad har nokon tvinga vatnet til å ta nye vegar.

DEL

VANG: Sett vekk ifrå fjorårets sumar plar ikkje vatn vere noko mangelvare i dette landet. Men på garden Sparstad, tvers over Vangsmjøsa frå Vang, er det ikkje ei sjølvfølgje at brønnen fyllast kvar sommar. Så medan andre brukte tørkesommaren på ekstra mykje bading og is, restaurerte Jan Sparstad ein fleire hundre år gamal bekk.

Bekken som snirklar seg frå Drøsjetjernet, ned lia, tvers over Vennisberget, forbi gamlestølen, innom heimstølen Rysseflat og forbi Øvrestølen er sjølve grunnlaget for at det går an å drive gard akkurat her. Det går fleire små bekkar i sida, men kvar for seg er dei for små til å gjere nytte for seg. Så for fleire hundre år sidan, før 1750 då garden vart bygd, laga bebuarane på Sparstad ei fem kilometer lang hovudpulsåre, ein kunstig kanal.

"Der skal bekken gå". På Sparstad brukte dei tørkesommaren på å skaffe seg ein bekk.

"Der skal bekken gå". På Sparstad brukte dei tørkesommaren på å skaffe seg ein bekk. Foto:

«Gå ut å hente ned bekken»

– Den vesle bekken me restaurerer sørgjer ikkje berre for litt ekstra vatn i sjølve bekken, den magasinerer heile fjellsida. Landskapet er ein svamp, myra samlar opp vatn og regulerer vasstilførselen undervegs, ja, naturen er genial!

Jan har vekse opp i Oslo, men feriane brukte han på Sparstad. Og bekken har han kjent i alle år.

– Far spurte meg ofte om eg ikkje kunne “gå ut å hente ned bekken”, altså fjerne lauv og kvistar og leie vatnet tilbake på riktig veg.

Bekken sørgjer ikkje berre for å fylle brønnen, også sauene treng den. Lovnadar om ferskt og grønt gras er ikkje nok for å lokke dei til fjells, men bekken kan få dei på andre tankar.

– Når det blir som det var i fjor, vil sauene heller gå ned til Vangsmjøsa dei ser i botnen av bakken enn å kave seg opp lia med all ulla si. Men har dei ein bekk å følgje går dei opp.

Det er ikkje berre småstein som skal flyttast.

Det er ikkje berre småstein som skal flyttast. Foto:

Ynskte seg bekk til sekstiårsdagen

Så då Jan og kona Tanaquil Enzensberger fylte seksti, inviterte dei til dugnad. Dei ynskte seg ikkje presangar, dei ynskte seg ein bekk.

I fjor sommar inviterte dei like godt alle gjestane til “bekkenløsning”. Til saman kom det åtti-nitti personar. Halvparten kokte mat, bakte kaker og stod for musikk utpå kveldinga, resten laga bekk.

“Alle kan litt og alle gjer sitt”. Jan kallar dei ei diffus arbeidsleiing, men han ville ikkje sløkke arbeidsiveren. Nokon grov i myra, andre ville løfte stein, ei ville til topps å byrje, mens andre tok fatt langt nede i lia.

– Eg hadde ikkje hjarte til å seie til dei at at dei ikkje trong å byrje heilt der nede, for eg trudde aldri me kom til å kome så langt, fortel Jan.

Naboar, slektningar, woofar-ar, sambygdingar, byvenner, venner av venner, kurdarar, amerikanarar - det var eit samansurium av ein bursdags- og dugnadsgjeng. I halvgodt vêr stod dei på frå tidleg til seint, med spadar, spett og handkraft. Over stokk og under stein, gjennom jord som har sklidd ut, forbi tre og røter og ned i halvmeter djupe grøfter.

For sjølv om dei hadde dugnad for ti år sidan også, er mykje av traséen attgrodd. Dei følger det gamle bekkeløpet, og den som veit kva han leitar etter, finn. Men utan grunnlaget som vart lagt den gongen for lenge, lenge sidan hadde dei ikkje hatt sjans.

– Nei, det hadde ikkje nytta å starte frå scratch!, seier Jan.

Bekken minutt for minutt

Med nesten førti par hender og tre lange arbeidsdagar kom dei mykje lenger enn Jan hadde tord å håpe på. I år er brønnane fullare enn før, og det er meir enn nok vatn til dusj og drikke for tre husstandar. Bekken sørgjer for eit konstant tilsig av vatn, sjølv på tørre somrar som i fjor. Men det er ikkje lenger avgjerande for livet på garden at bekken kjem ned lia.

– Først kjem bekken, så kjem forklaringa, seier Jan blidt.

For det ligg ein del ideologi og historie bak prosjektet også, ikkje berre nytteverdi. For i fall brønnane vert tomme, har dei både installert pumpe frå Vangsmjøsa og bora seg ned til grunnvatnet. Det er likevel bekken dei helst vil ha i stand.

– Det berande for oss i dette prosjektet er at det ligg utruleg mykje hardt arbeid bak bekken. Då er det synd om den skal forsvinne på vår vakt.

Safet Loki, ein makedoniar som brukar somrane sine på Sparstad, har gått langs heile bekken med kamera, frå topp til botn. Etter mykje klipping og liming har det blitt ein tjuefire minuttar lang film. Jan kan sitje og sjå i timevis og kallar den berre “Bekken minutt for minutt”

– Det er meir spennande enn Hurtigruta!

Helst vil Jan at bekken skal kome ned rett utanfor huset, der den ein gong gjekk, men kjem
den ned litt lenger borte på tunet. Kanskje blir det årets prosjekt.

Helst vil Jan at bekken skal kome ned rett utanfor huset, der den ein gong gjekk, men kjem den ned litt lenger borte på tunet. Kanskje blir det årets prosjekt. Foto:

Evig vedlikehald

Hovudpulsåra som sildrar nedover fjellsida må haldast tett. Det blir eit par lekkasjar i løpet av ein vinter, og særleg snøsmeltinga legg press på den fire-fem kilometer lange vena. Etter kvart som åra går vil torva slå røter, vegetasjonen gro til og bekken setje seg, men foreløpig må Jan “gå ut å hente ned bekken” minst ein gong i året.

– Eg trur det ligg i oss som folk, at det er godt å sjå vatnet renne.

Den tjuefire minuttar lange filmen nærmar seg slutten. Det er noko med ansiktsuttrykka på filmen som minner veldig om barnehageborna som kjem ut og finn ut at det endeleg har regna, og grev demningar, leiar vatn og samlar dammar i sandkassen.

Og me vert einige om at gleda med vatn, den veks ein aldri ifrå.

Bekken går ikkje berre rett ned.

Bekken går ikkje berre rett ned. Foto:

Artikkeltags