Vang: Dette kjem som ein konsekvens av tørka og den etterfølgjande minkande grunnvasstanden. NVEs oversikt viser låg til svært låg grunnvasstand i området, og vatningsforbodet er meint å avgrense risikoen for tomme kjelder og brønnar. Vatningsforbodet er gjeve av kommunen som eigar og driftar av anlegga. Vatningsforbodet gjeld til ny beskjed vert gjeve.
Tilrår alle å vise omsyn
Forbodet gjeld dei som er kopla til kommunalt vassverk, men Vang kommune rår alle å vise omsyn rundt vassbruk. Kommunen har tappepunkter for drikkevatn i de fleste sokna – ta kontakt med resepsjonen på telefon 61 36 94 00 for informasjon om desse. Kommunen beklagar at situasjonen krev vatningsforbod, men meiner dette er eit naudsynt tiltak i denne unormale situasjonen.