Oppmodar til nøysom bruk av kommunalt vatn

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Vang kommune oppmodar abonnentar på Tyinkrysset / Filefjellområdet til nøysom bruk av kommunalt vatn påska 2018.

DEL

Vang: Vang kommune oppmodar abonnentar på Tyinkrysset / Filefjellområdet til nøysom bruk av kommunalt vatn påska 2018. Vasskapasiteten til eksisterande vassverk i Børrelie har i fleire år vore knapp under høgtider med stort belegg på hytter knytt til vassverket. Med eit gnistrande skiføre og stabile vêrmeldingar kan påska 2018 sette nye besøksrekordar på Filefjell og vasskapasiteten til Børrelie vassverk kan fort koma til kort.

Berre naudsynte føremål

Vang kommune oppmodar difor til nøysam bruk av drikkevatnet til alle andre føremål enn dei mest naudsynte. Like før jul 2017 einast Vang kommune og Fjellets fellesgodefinansiering (FFF) om ein avtale som sikrar bygging av ny og utvida vassforsyning på Tyinkrysset. Nye Tyinkrysset vassverk skal etablerast like vest for Fløgstrøndfjorden og mykje arbeid er allereie gjort. Det er til dømes bora to borebrønner der testresultat frå den fyrste syner tilgang på særs bra og tilstrekkeleg drikkevatn. Utsending av dei fyrste prisforspurnadane skjer i desse dagar, og Vang kommune håpar på ei rask oppstart av prosjektet. I tillegg til sjølve vassverket skal det byggjast høgdebasseng og nye hovudleidningar for vatn og avløp. Utbygginga skjer i etappar og siste etappe vil etter planen stå ferdig i 2020. Då vil alle abonnentar i Tyinkrysset / Filefjell området få vatn frå det nye vassverket.

Håpar på forsyning allereie neste år

Vang kommune håpar likevel å kunne forsyne nokre abonnentar i områda Tyinkrysset, Andstorfeltet og Høgeseth frå det nye vassverket allereie neste år. Trygg og føreseieleg drift har vore ei nøkkelutfordring ved eksisterande vassverk i Børrelie. Fleire borebrønnar med varierande kvalitet og kapasitet har vorte etablert opp gjennom åra for å dekke behovet frå ein stadig aukande mengde fritidsbustader. Det nye vassverket er frå oppstarten godt dimensjonert og med høve for ytterlegare kapasitetsauke.

Artikkeltags