Ryddeaksjon for reine vatn i Vang

Foto:

Av

Ein regional dugnad er skipa for å reinske opp i alle vatn og vassdrag i Valdres.

DEL

VANG: Aksjonen er ein del av Hold Norge rent – og har fått namnet «Aksjon AQUA – Reine vatn i Valdres»

Hovudtrykket av rydding lyt skje no før vatnet stig. Dette har til dømes FK Vang lang tradisjon for å gjera i Vang og klubben har allereie gjett dei ulike aldersbestemte laga ansvaret for kvar sine strekningar langs Vangsmjøse og Nørsvinsfjorden.

Ryddedag og ryddeveke

Gjennom denne aksjonen og særleg «Strandryddeveka» 28. april – 5. mai og «Strandryddedagen» 4. mai er målet at også vi andre skal ta ei skikkeleg tak.

– Start med nærområdet og når det er kontroll der så ta ein jordekant eller eit strekke langs bekken eller elva det er naturleg for deg å rydde, seier Torkjell Haugen som koordinerer aksjonen via Valdres friluftsråd.

Også Valdres Kommunale Renovasjon og Naturvernforbundet i Valdres er samarbeidspartnarar for aksjonen.

– Før og etter Strandryddedagen oppmodar vi folk til å nominere/registrere ekstra forsøpla og utfordrande stader på www.ryddeportalen.no, og ut ifrå registreringane vil vi arrangere godt organiserte ryddeaksjonar med forsterka mannskap og utstyr så langt midlane rekk utover mai og juni, lovar Haugen.

Det er nyleg oppretta ei facebook-gruppe for denne aksjonen:

– Bli med i gruppa og skap engasjement!

Ryddemateriell som hanskar, vestar og søppelposar kan hentast ut på følgjande stader i Vang under Strandryddeveka:

  • Øye Bygg og bu
  • Frivillighetssentralen/biblioteket i Vang
  • Joker Ryfoss
  • Coop Prix Fjellvang, under Coop ryddar Norge

Søppel som ein har samla kan leverast på avfallsplassen på Synshagen, eller på merka container ved Coop Prix Fjellvang.

Artikkeltags