Ny vri på Innovangsjon-eventen Fredagskos: Klart for koseleg fredagspoker i Vang

Foto:

Av

Pokerklubben i Vang samarbeider med Innovangsjon og Mjøsvang kafé om ein Fredagskos der kviss er bytta ut med poker.

DEL

VANGIVALDRES.NO: – Vi er ein god gjeng som spelar uhøgtidleg poker saman fredagar gjennom vinteren. Det er artig og sosialt – eigentleg ein perfekt fredagsaktivitet vi gjerne tek med fleire på, fortel Frank Thune som er aktiv i pokerklubben Grindafjell poker og mjød, samt styremedlem i Innovangsjon.

Fredagskosen vert altså 8. mars med pizzabuffet fyrst og elles gratis deltaking i turneringa.

– Sjølve turneringa vert både seriøs og uhøgtidleg, akkurat som eit godt pokerlag skal vera. Vi har fleire bord og ein bordvert som går gjennom reglar og følgjer opp kvart bord og syter for at turneringsoversynet er oppdatert på storskjermen. Vi ender opp med eit finalebord og ein vinnar og har planar om stilige premiar, fortel Thune.

Det er påmelding til pizza & poker, men alle har høve til å koma for øl og prat heile kvelden.

– Nye vangsgjeldingar vert presentert i ei pause i turneringa, så hugs å invitere dei med om du har fått ein eller fleire nye naboar i det siste, oppfordrar Innovangsjon.

Dei tek imot påmeldingar til eventen fram til 6. mars.

Artikkeltags