Ny del av Kongevegen fram i lyset

Av

Ein ny strekning langs Kongevegen over Filefjell er truleg «oppdaga» i Øye, og på laurdag er det dugnad for å rydde han fram.

DEL

VANG: – Det er snakk om ei strekning på sørsida av Strøndafjorden med solide murar, fleire stikkrenner og elles mykje anna som peikar mot Kongevegen over Filefjell, utan at det er endeleg bekrefta, fortel kulturskulerektor i Vang, Oddbjørn Skeie.

Etter tips frå Ola Grøv har han på eigenhand og saman med ressurspersonar både synfart og rydda langs strekket sidan i sommar.

Dugnad laurdag

No er det skipa til dugnad langs den nye vegstubben laurdag 21. september frå 10 – 15 der målet er å verta ferdige med å rydde fram att vegen. Det betyr at folk med både klyppesaks og motorsag er velkommen på dugnad.

– Vegen har halde seg utruleg godt til å ikkje ha vore nytta sidan 1859 og det vert stor stas å få han fram att i lyset. Det betyr også at ein knapt treng inn på grusveg på denne delen av Kongevegen, noko som gjer opplevinga endå betre for fotturistar framover.

Artikkeltags